«Post pandemi-digitalisering: Kva no?»

Rettssaker har fungert på grunnleggande same måte omtrent så langt tilbake som dei har eksistert. Samanliknar ein ei rettssak på tinget i vikingtida med ei rettssak i ein norsk domstol i dag er forskjellen overraskande liten, skriver Astri Rønningen Stautland.

Trass i at vi i dag lever i eit moderne og høgdigitalisert samfunn som stiller store krav til effektivitet og kvalitet i alle samfunnsinstitusjonar, går endringar og utvikling i rettsapparatet sakte.

Dette kjem t.d. til syne i Domstolkommisjonen sin delrapport om domstolsstruktur. Der denne nemner digitalisering er dette knytt til effektivisering av eksisterande, ineffektive prosessar. Nye løysingar, som t.d. heildigital gjennomføring av rettssaker (der alle aktørane deltek virtuelt), er ikkje nemnt i det heile.[1]

Så kom COVID-19-pandemien og fungerte som ein katalysator for den digitale utviklinga. Over natta var det ikkje lenger mogleg å sjå på heildigital gjennomføring av rettssaker som ei fjernt framtidig moglegheit – dette vart absolutt naudsynt for at domstolane skulle oppretthalda sin grunnfunksjon med å vareta rettferd, lov og orden. På kort tid har vi teke eit kvantesprang i digitalisering.

No, når den verste brannslokkinga er gjort, er tida kanskje inne for å ta eit steg tilbake og stilla oss spørsmålet: Kvar går vegen vidare herifrå?

Skal vi fortsetje der pandemien slapp oss, med dei digitale løysingane vi i panikkens time har greidd å få på plass, eller skal vi hoppe tilbake til status før pandemien, og halde fram med digitalisering i sniglefart? Kanskje bør vi helst nytte sjansen til å starte på nytt, og bruke erfaringane denne krisa har gitt oss til å revurdere, og eventuelt revidere, det systemet vi har hatt i så mange år? 

Forfattaren Richard Susskind stiller spørsmålet «Is court a service or a place?».[2] Dersom svaret er at retten er «a service»; eit tilbod eller resultat, meir enn ein stad, må vi tenke på den vidare utviklinga av rettssystemet på ein heilt ny måte.

Då blir det ikkje eit spørsmål om korleis vi kan implementere og bruke ny teknologi for å effektivisere og forbetre det eksisterande systemet, men korleis vi på best mogleg vis kan tilby og sikre resultatet rett. For å svare på dette må vi flytte utgangspunktet for idémyldringa frå korleis vi kan forbetre rettssystemet vi har i dag til kva den teknologiske utviklinga i dag gjer mogleg.

Susskind brukar verktøyprodusenten Black & Decker sitt sal av elektriske drillar for å illustrere poenget. For kjøparen har det inga betyding korleis drillen er bygd opp eller fungerer; han er ikkje ute etter å kjøpe den perfekte drillen. Det han er ute etter er eit resultat; eit perfekt hol i veggen. Det er dette resultatet vektøyprodusenten må levera, ikkje produktet i seg sjølv.

Overført til domstolane vil ein slik tankegang seia at vi må flytte fokuset vekk frå den fysiske rettssalen og den tradisjonelle prosessen som utgangspunkt for modernisering og utvikling. Fokuset må heller leggast på resultatet samfunnet treng å oppnå – rett.

Ved å frigjera oss frå ideen om at rett er knytt til rettssalen som fysisk stad, og dei formalitetar og ritual som tradisjonelt høyrer med det, kan vi opne for heilt nye idear om korleis rettsapparatet skal løyse oppgåva si. Vi bør starte med blanke ark, der det einaste gitte er resultatet – å løyse tvistar, fremja rett og hindra urett.

Uavhengig av korleis ein ser på dette, er det ikkje tvil om at digitalisering og modernisering av domstolane er ei uunngåeleg og naudsynt utvikling. Spørsmålet er berre korleis vi skal bruke dei nye moglegheitene teknologien gir. Vil vi halde fram med forsøk på å replisere fysiske rettssaker i så stor grad som mogleg, eller vil vi finne nye verdiar i dei digitale alternativa som utkonkurrerer det vi i dag ser på som grunnføresetnadar for ein god, trygg og rettferdig prosess?

Målet her er ikkje å hevde at ein heilt ny måte å levera rett på nødvendigvis er betre enn den eksisterande, men at vi også bør sjå på saka frå dette perspektivet. Dersom vi berre fokuserer på dei aspekta ved domstolsprosessen som går tapt gjennom digitale alternativ, vil vi miste eit viktig perspektiv som kan vera avgjerande for å sikre at domstolane fungerer og er attraktive problemløysarar også i framtida.

Eit for snevert perspektiv på alternative måtar å utvikle rettsapparatet på vil ikkje berre utelukka mange moglegheiter, men det vil også vera lite ambisiøst. COVID-19-pandemien har radikalt endra måten verda fungerer på, og kravd grunnleggande endringar i alle samfunnsstrukturar. Kanskje er den også det som skal til for at vi tør å utfordre hundrevis av år med tradisjon, og reformulere regelboka for måten vi serverer rett på?[3]

Kjelder

Douglas-Henry, Jean-Pierre and Ben Sanderson. Virtual Hearings: empirical evidence from our global experience. Rapport. (DLA Piper, Mai 2020) Lest 23. Mai, 2020 https://www.dlapiper.com/en/uk/insights/publications/2020/05/virtual-hearings-report/

NOU 2019:17 Domstolstruktur. Oslo: Justis- og beredskapsdepartementet.

Susskind, Richard E. Tomorrow’s Lawyers: An Introduction to Your Future. Oxford: OUP Oxford, 2013