Vil du jobbe med personvern og informasjonssikkerheit i ein organisasjon med viktige samfunnsoppgåver?

Stab, avdeling strategisk utvikling og digitalisering, Vestland fylkeskommune

Søknadsfrist
Om stillingen
Vestland søker deg som vil jobbe med spennande problemstillingar innan personvern og informasjonssikkerheit. Du vil jobbe overordna for heile fylkeskommunen saman med personvernombodet og IKT sikkerheitsrådgjevar, og vere med i utviklinga av eit fagmiljø innan personvern og informasjonssikkerheit. Vi legg stor vekt på samhandling og samarbeid på tvers i organisasjonen
Søknadsfrist: 03.04.2022
 
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Informere, gje råd og anbefalingar for å sikre etterleving av personvernregelverket
  • Vidareutvikle og etablere rutinar for personvern og informasjonstryggleik
  • Støtte og følgje opp arbeidet med protokollføringar for behandlingsaktivitetar
  • Støtte i gjennomføring av ROS, og personvernkonsekvensvurdering (DPIA) for dei behandlingane som krev det
  • Støtte i arbeidet med databehandlaravtalar og standardkontrakter som vert inngått
  • Gjennomføre haldningsskapande arbeid og opplæring innan personvern
  • Støtte ved avvikshandtering 
  • Fleire oppgåver innan fagområdet informasjonssikkerheit kan bli lagt til stillinga ved behov 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Relevant høgare utdanning på masternivå innanfor sikkerheit, jus, IT, administrative fag eller tilsvarande. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • Kunnskap om personvern og informasjonssikkerheit

Det er ein fordel om du:

  • Er oppdatert på utvikling og trendar innan fagområdet
  • Har erfaring med intern styring og kontroll i større organisasjonar
  • Har prosesskompetanse 

Er du nyutdanna er vi oppteken av at du har gode resultat i utdanninga og relevante fagsamansetningar. Du bør ha erfaring frå arbeidslivet og det å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og oppteken av å dele kunnskap med andre
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, planmessig og strukturert
  • Trivast med å handtere og formidle kompliserte problemstillingar og sørge for at det vert gjort på ein enkel og forståeleg måte
  • Evne til å behalde ro og oversikt i periodar med stor aktivitet
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Du vil få varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg fagmiljø. Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement.
  • Stillingsnemning seniorrådgjevar/rådgjevar/spesialkonsulent etter kvalifikasjonar og erfaring
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fagleg utvikling

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Kontorstad Leikanger. Ved særskilt behov kan òg kontorstad Bergen avtalast. 
  • Du må rekne med litt reiseaktivitet, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.

 Kontaktinformasjon

Anne-Kjersti Stavø Stenehjem

seksjonssjef

 95725658

SØK HER