Vi søkjer etter ny ekspedisjonssjef til Helserettsavdelinga

Helse- og omsorgsdepartementet

Søknadsfrist
Helserettsavdelinga har ansvar for utvikling, forenkling og samordning av regelverk på ansvarsområdet departementet har. Dette gjeld i dag mellom anna smittevernlova, helsepersonellova, spesialisthelsetenestelova, helse- og omsorgstenestelova, helseføretakslova, pasient- og brukarrettslova, pasientskadelova, lov om psykisk helsevern, helseregisterlova, abortlova og bioteknologilova.
Avdelinga har òg ansvar for å identifisere og initiere forenklings- og utviklingsprosjekt på helserettsområdet, og vere kompetanse- og ressursavdeling for dei andre avdelingane i departementet. Avdelinga arbeider i ein viss grad prosjektbasert og har ikkje seksjonar. Det arbeider 19 juristar i avdelinga.

Ekspedisjonssjefen vi ser etter:

  • er strategisk orientert
  • har god gjennomføringsevne
  • er resultat- og utviklingsorientert
  • har gode samarbeidsevner, er lyttande og samlande
  • evnar å inspirere og leie kompetente medarbeidarar
  • er ein raus og omgjengeleg person

Som den nye ekspedisjonssjefen vår må du kunne vere med å utvikle politikken i helse- og omsorgssektoren. Det er viktig at du høver som person. Ekspedisjonssjefen er med i toppleiinga i departementet og rapporterer til departementsråden.

 

Krav til kvalifikasjonar:

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • relevant erfaring frå arbeid i offentleg forvalting og regelverksarbeid
  • brei leiarrøynsle og gode resultat å vise til
  • forståing for statleg forvalting og styring
  • god kjennskap til regelverksarbeid og områda departementet har ansvar for
  • god rolleforståing
  • innsikt i politiske prosessar
  • røynsle med å løyse oppgåver på tvers av sektorar er ein føremon
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • gode engelskkunnskapar
  • kunnskap om internasjonale skyldnader på området (særleg EU/EØS-rett og EMK)

Du må vere norsk statsborgar, og må kunne tryggingsklarerast for strengt hemmeleg.

 

Vi tilbyr:
  • løn etter avtale innanfor statens leiarlønssystem
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • eit fagleg dugande og spennande arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer
  • 5 veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar

Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Departementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar og ulike perspektiv som kan gje endå betre oppgåveløysing.

Interesserte kan før søknadsfristen ta fortruleg og uforpliktande kontakt med Beate Ottem Svanes i ISCO Group på tlf. 22 06 87 00.

Vil du ha meir informasjon, kan du ta kontakt med departementsråd Cathrine M. Lofthus på telefon 22 24 84 07.

Søknadsfrist: 20. september 2021.

Søknad og CV registrerer du på iscogroup.no.

Det blir laga ei offentleg søkjarliste etter søknadsfristen. Vil du reservere deg mot oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngje det i søknaden. Opplysningar kan bli offentliggjorde for di om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista, men du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir teke til følgje.

 

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken, primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvalting av helseføretaka.

SØK HER