Vi søker jurist med interesse for arve- og tingsrett

Stiftelsestilsynet

Søknadsfrist
 
Er du interessert i arverett og tingsrett, og motivert for å rettleie alt frå domstolar til folk flest? Då kan dette vere moglegheita for deg.
Stiftelsestilsynet har oppgåver knytt til avgrensingar i disposisjonsretten til arv og gåver. No skal vi styrke oss på dette området, og ser derfor etter ein jurist som har erfaring med eller interesse for arv- og skifterett, avtalerett og tingsrett.
Sakene vi behandlar reiser spennande og kompliserte rettsspørsmål, på eit lovområde som få kjenner til. Regelverka er utfordrande, og du blir viktig i arbeidet med å utvikle praksis saman med flinke kollegaer.
Du vil også vere ein del av eit større kollegium i Stiftelsestilsynet, som fører tilsyn og kontroll med forvaltning av store verdiar i norske stiftelsar. Jobben vår er å trygge stiftelsane, og bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på.
 Høyrest dette ut som noko for deg? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, vi fortel gjerne meir om jobben og svarer på det du lurer på. 
 
Søknadsfrist: 05.12.2021
 
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktig samfunnsoppdrag.

Vi er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no

 

 

Dette vil du jobbe med:

  • Behandle søknadar om endring av bandlegging av og beslagsforbod på arv og gåver
  • Behandle søknadar om endring av uråderettar og øyremerka midlar
  • Rettleiing og dialog med brukarar, domstol og statsforvaltar
  • Vere med å utvikle fagområda
  • Kunnskapsbygging og formidling
  • Delta i anna arbeid ved avdelinga etter behov

Kvalifikasjonar:

Til jobben treng vi deg som har master innan rettvitenskap, og god skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Det er ein fordel om du har:

  • kjennskap til og forståelse for arv- og skifterett, samt avtalerett (gåvedisposisjonar)
  • kjennskap til og forståelse for tingsrettslege emne som servituttar, sameige, løysingsrettar mv.  
  • kjennskap og forståelse for selskapsrett

Personlege eigenskapar:

  • Du tek initiativ, løyser problem og samarbeider godt med andre
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er strukturert og analytisk, og tenker heilskapleg

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • Positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for fagområda sine
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • Gode velferdsordningar og generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gir gunstige pensjons- og lånevilkår
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge.  

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Siw Heggedal Longvastøl

avdelingsdirektør

 900 74 974

 Siw.Heggedal.Longvastol@lottstift.no

 

Liv Tystad

seniorrådgivar

 48124117

 Liv.Tystad@lottstift.no

 

SØK HER