Stipendiat ved Det juridiske fakultet

Universtietet i Bergen

Søknadsfrist

Ved Det juridiske fakultet i Bergen er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat innan fagfeltet politirett og påtalerett. Tiltreding etter avtale, men fortrinnsvis ikkje seinare enn 15. november 2019.

Stillinga er ein del av forskingsprosjektet; «Politi- og påtalerett» som er finansiert av Trond Mohn stiftelse (tidlegare Bergens forskningsstiftelse), Det juridiske fakultet og Politidirektoratet. Prosjektet starta opp 1. mars 2017 og består av ein prosjektleiar (professor), ein professor (25 %), ein forskar, ein ph.d.-stipendiat (i politirett) og ein professor II (10 %). Sjå meir om prosjektet på http://www.uib.no/politiogpatalerett.

Normal åremålsperiode for stillinga er fire år med 25 prosent pliktarbeid. Åremålsperiode utan pliktarbeid kan bli vurdert.

Om avhandlingsprosjektet:

Det overordna temaet for prosjektet som skal utførast i stipendiatsperioda og leie fram til ei avhandling til ph.d.-graden, er knytt til eit overordna tema: Rettslege rammer for samarbeid, informasjonsinnhenting og informasjonsdeling mellom politiet, påtalemakta og andre, særleg offentlege etatar eller myndigheiter.

Prosjektet tek sikte på å gi ei brei rettsvitskapeleg behandling av regelverket knytt til samarbeid og informasjonsdeling i eit eller fleire ulike praktiske tilfelle. Søkjaren har høve til å gi eigne bidrag til prosjektets avgrensingar og problemstillingar. Problemstillingar som knytt til samarbeid og informasjons­utveksling, kan t.d. oppstå:

  • i tverretatlege, faste eller mellombelse, samarbeidsformer ved avdekking av t.d. arbeidsmarknadskriminalitet eller skatt- og avgiftslovbrot,
  • mellom ulike einingar internt i politiet (t.d. utlendings­forvaltning eller førebyggjande verksemd),
  • mellom politiet og private (bank- og finansinstitusjonar eller sikkerheitsføretak),
  • mellom politiet, påtalemakta og nærliggande etatar som Kriminalomsorga, Tollvesen o.a., eller
  • mellom nasjonalt og utanlandsk politi.

Effektiv informasjonsbehandling (m.a. innhente, lagre og dele) og samarbeid mellom politi- og påtalemakt og andre etatar, har stor betyding når ein skal avdekke, etterforske og iretteføre ulike typar av straffesaker. Heimelsgrunnlaget og inngrepsheimlar for samarbeid og dei ulike etatanes rolle og ansvarsfordeling, treng rettsleg klargjering. Reglane om teieplikt og unntak frå dei etter politiregisterlova, og teieplikter som ligg på andre offentlege etatar, set òg viktige rettslege rammer, og skapar utfordringar.

Prosjektskildringa som skal følgje søknaden, bør vere på ca. 10 sider. Ho skal innehalde ein plan for gjennomføringa av forskingsprosjektet og forskerutdanninga (sjå nedanfor).

Den som blir tilsett plikter òg å bidra aktivt i forskingsprosjektet sine aktivitetar (fagmøter, forskingsformidling, seminar, konferansar mv.).

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga

Om stipendiatstillinga 

Arbeidsstaden er i Bergen. Administrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske faga i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ph.d.-graden innanfor ei tidsramme på 3 år. I tillegg til å fylle dei generelle krava for tilsetjing, må du òg fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program.

Du må fylle ut skjema for opptak på ph.d.-programmet. Skjema kan du hente på denne nettsida: http://www.uib.no/phd/74164/s%c3%b8ke-om-opptak-til-phd-utdanning.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Du må gjennom karakternivå eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 54-59 (kode 1017/LR 20) ut frå relevant praksis. Dette ligg for tida i spennet mellom 479 600,- og 523 200,-. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Prosjektskildring og framdriftsplan

  • CV

  • Skjema for opptak på ph.d.-programmet

  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål frå bachelor- og/eller mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • Relevante attestar

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve

  • Eventuelle vitskapelege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste)

  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.

    Du må laste opp søknad og vedlegg i Jobbnorge via lenke på denne sida merka «Søk stillingen».

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til HR-rådgjevar Anita H. Garden, tlf. 55 58 96 76, e-post: anita.garden@uib.no, til prodekan for forsking Anne Marie Frøseth, tlf. 55 58 95 49, e-post: anne.froseth@uib.no, eller prosjektleiar, professor Gert Johan Kjelby, tlf. 55 58 96 34, e-post: gert.kjelby@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju ved tilsetjing i stillinga.

Vi viser elles til rettleiing for søkjarar til stipendiatstilling som du finn på denne nettsida: http://www.uib.no/jur/24432/reglement-og-retningslinjer.

Nærare om tilsettingsprosessen her.