Ønsker du å jobbe med arbeidsrett i skjeringspunktet mellom fag og politikk?
Vi treng fleire dyktige medarbeidarar til arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga, og søker etter ein jurist til fast stilling.
Arbeidsoppgåver
Avdelinga har ansvar for arbeidsretts- og arbeidsmiljøområdet. Dette omfattar mellom anna arbeidstid, stillingsvern, kollektiv arbeidsrett, HMS, inkluderande arbeidsliv, samarbeid mellom partane og kamp mot arbeidslivskriminalitet.
Du vil få spennande og utfordrande arbeidsoppgåver innan avdelinga sitt ansvarsområde. Som jurist hos oss vil du mellom anna jobbe med utgreiing av juridiske spørsmål, lov og forskriftsarbeid, EØS-arbeid og forberede saker for politisk leiing.
Kva slags bakgrunn har du?
Du har
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
- god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
- kunnskap om og interesse for arbeidsrett
- solid og relevant arbeidserfaring for å bli tilsett som seniorrådgivar
Det er ein fordel om du har
- relevant erfaring, men nyutdanna kan òg søke
- erfaring frå internasjonalt arbeid
- kunnskap om og erfaring med personvernregelverket
Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du bruker vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.
For å bli tilsett må du kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.
Vi bruker Semac bakgrunnssjekk i utvalde rekrutteringsprosessar.
Kven ser vi etter?
- Du er ansvarleg og sjølvstendig.
- Du liker å samarbeide og kommuniserer godt med andre.
- Du trivst med å jobbe i team.
- Du er engasjert og tek initiativ.
- Du er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver og arbeidsform.
- Du har interesse for politiske prosessar og er samfunnsengasjert.
Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.
Kva får du hos oss?
- Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaar. Vi legg vekt på å gje ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
- Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
- Om du blir tilsett som førstekonsulent, rådgivar eller seniorrådgivar, avheng av kvalifikasjonane dine og erfaringa di.
- Lønn vil ligge mellom 524.700 og 821.700 kroner (lønnstrinn 53 til 78) avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare lønn.
- Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit dei rimelegaste bustadlåna i marknaden.
- Du får også høve til å trene i arbeidstida.
Les dette før du søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
- Arbeidsspråket er norsk.
Om departementet og avdelinga
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inkluderingspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt en tredel av statsbudsjettet.
Vi er om lag 240 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Arbeidsmiljø- og sikkerheitsavdelinga har ansvar for arbeidsrett og arbeidsmiljø i norsk arbeidsliv. Arbeidsrett og HMS er ein del av EØS-avtala, og EU/EØS-arbeid er difor ein sentral del av oppgåvene til avdelinga. I tillegg har avdelinga ansvaret for Noregs forhold til Den internasjonale arbeidsorganisasjon (ILO) og oppfølgingsansvar for Den europeiske sosialpakt.
Avdelinga har ansvar for politikk- og regelverksutvikling, forvalting og forsking på arbeidsretts- og arbeidsmiljøområdet. Dette omfattar mellom anna arbeidstid, stillingsvern, kollektiv arbeidsrett, HMS, inkluderande arbeidsliv, samarbeid mellom partane og kamp mot arbeidslivskriminalitet.
Avdelinga har etatsstyringsansvaret for Arbeidstilsynet, Statens arbeidsmiljøinstitutt og administrativt ansvar for Riksmeklaren og Arbeidsretten.
Spørsmål om stillinga
Anne Karine Plahter
avdelingsdirektør
924 58 323
anne-karine.plahter@aid.dep.no
Rune Ytre-Arna
Avdelingsdirektør
916 88 762
rune.ytre-arna@aid.dep.no