Seniorrådgivar (jurist - fast stilling) og rådgivar (jurist - vikariat) (229555) | Universitetet i Bergen (jobbnorge.no)

Søknadsfrist

Universitetet i Bergen er ein av Noregs leiande institusjonar for forsking og høgare utdanning med ein tydeleg internasjonal profil. Vi søkjer to dyktige juridiske rådgivarar med interesse for forsking og innovasjon.Ein stor del av verksemda til universitetet er finansiert av midlar henta frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, og UiB har eit omfattande samarbeid med andre universitet, forskingsinstitutt, private og offentlege verksemder basert på avtalar. Til UiB si store eksternt finansierte portefølje av prosjekt innan forsking, innovasjon og utdanning vil du som juridisk rådgivar arbeide tett med forskarar, leiinga og resten av administrasjonen på universitetet.Vi søkjar dyktige kollegaer med sterk juridisk kompetanse og med interesse for universitets- og høgskulesektoren. Som del av eit team med dyktige juristar vil de få høve til å jobbe tverrfagleg og delta i eit breitt spekter av saker. Arbeidet vil vere sjølvstendig og prega av utfordrande oppgåver. Ein stor del av arbeidsoppgåvene vil være knytt til ulike formar for samarbeids- og konsortieavtaler med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar med finansiering frå mellom anna Noregs forskingsråd, EU og næringslivet.Forskings- og innovasjonsavdelinga er opptatt av kontinuerleg fagleg utvikling og som juristar får de ein kompetansepakke og tilrettelagt opplæring som nytilsett. Kompetansepakka inneber mellom anna faste tilbod om kurs i aktuelle juridiske fagfelt som IPR, avtalerett med meir, og det er under etablering eit eige Juristforum samansat av juristar frå hele UiB. Avdelinga har mellom anna ansvaret for UiB sitt Brusselkontor og vil særskilt leggje til rette for kompetanseheving i tett dialog med våre juridiske kollegaer på nasjonale og europeiske universitet.Vi søkjer både personar til ei fast stilling som seniorrådgivar og eit rådgivarvikariat på tolv månader med gode høve til utvikling for den rette kandidaten.Vi ønskjer oppstart snarast mogleg.


Arbeidsoppgåver:
Du vil:
Inngå i eit team som skal gje støtte til å utarbeide, forhandle og følgje opp kontraktar knytt til den eksternfinansiert verksemda til universitetet
Gje juridiske råd i samband med forsking- og innovasjonskontraktar mot fakultet, institutt og forskarar
Jobbe med mellom anna avtalerett, forhandlingar, immateriell rett, EØS/konkurranserett og forvaltningsrett
Forhandlingar med næringsliv og offentlege aktørar
Utvikle og holde kurs for UiBs tilsette, og eksterne aktørar
Stillinga kan få andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du har:
Cand.jur. eller mastergrad i rettsvitskap
God kontraktsrettsleg kompetanse og eit godt juridisk skjøn
For stillinga som seniorrådgivar er det ønskeleg med relevant arbeidserfaring, mellom anna røynsle med utforming av avtaler og løypande rådgiving på inngåtte avtaler
Gjerne relevant arbeidserfaring, men nyutdanna er også velkomne til å søkje på stillinga som rådgivar
Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
Interesse for forskings- og utdanningsspørsmål
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Du er:
Ein dynamisk pådrivar med stor arbeidskapasitet
Ein relasjonsbyggjar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper
Systematisk, nøyaktig, analytisk og med evne å arbeide sjølvstendig
Vi legg vekt på:
Relevant erfaring
Personlege eigenskapar naudsynt for stillinga
Vi kan tilby:
Ei spanande og utfordrande stilling i eit svært kompetent og engasjert fagmiljø
Ein eigen kompetanse- og utviklingsplan
Løn som seniorrådgivar (kode 1364) i ltr. 75-78 (for tida kr. 728 100 – 790 100), eller som rådgivar (kode 1434) i vikariat i ltr. 65-67 (for tida kr. 604 400 – 626 300) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjoner. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Medlemsskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Gode velferdsordningar
Du kan lese meir om kva UiB kan tilby her
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til jurist ved avdelinga Bavin Khonyong (+47 55 58 21 50), Saman Sher (+47 55 58 49 60), eller seksjonssjef Are Straume (+47 992 60 707).
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.