Rådgjevar/seniorrådgjevar i Avdeling for digitaliseringspolitikk
Vil du vere med å forme framtidas digitale Noreg?
SØK HER
Om stillinga
Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar.
Seksjonen arbeider med implementering og forvaltning av EU-regelverk som har stor betydning for den digitale samfunnsutviklinga i Noreg, mellom anna KI-forordninga, forordning om digitale tenester og regulering av elektronisk identitet. Seksjonen har òg ansvar for digital tryggleik, digital inkludering, kommunikasjonsvern og personvern. Du vil bidra til utviklinga av politikk på eit område med høg politisk merksemd.
Bruken av teknologi og digitalisering aukar, og påverkar kvardagen til kvar og ein av oss, og samfunnet som heilskap. Det gir store moglegheiter, men krev òg strategisk styring og regulering. Samfunnet er i rask endring, og både i perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien peikar regjeringa på utfordringane og behovet for omstilling. Digitalisering er eit nødvendig verkemiddel for å møte desse krava, samstundes som vi tek vare på rettstryggleik og tillit.
Hos oss vil du bli del av eit dynamisk og tverrfagleg arbeidsmiljø som består av juristar, samfunnsvitarar og teknologar. Vi verdset høg fagleg kompetanse og evne til tverrfagleg samarbeid, og har ein kultur prega av openheit, tillit og fagleg utvikling. Arbeidsmiljøet er hektisk, men òg svært givande, med moglegheiter for personleg og profesjonell vekst. Vi legg stor vekt på å byggje relasjonar og samarbeid både internt i departementsfellesskapet og med eksterne aktørar.
Arbeidsoppgåver
Du vil inngå i eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og arbeide med sentrale problemstillingar knytte til digitale rettar og regulering. Arbeidet vil spenne frå langsiktig utgreiing og regelverksutvikling til løpande oppfølging av saker med korte fristar. Du vil få ei sentral rolle i å bidra til kunnskapsgrunnlaget for politikkutforming.
Du vil mellom anna:
- utarbeide regelverk, herunder delta i innlemming og gjennomføring av EØS-relevant regelverk
- arbeide med utgreiing og analyse
- førebu saker for, og gi faglege råd til, politisk leiing
- delta i fagdialog med underliggjande verksemder
- behandle førespurnader frå publikum
- bidra i seksjonen si øvrige oppgåveløysing innan digitaliseringsfeltet
Vi søkjer deg som har
Du må ha:
- mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen eller innan samfunnsvitskaplege fag
- minimum tre års relevant erfaring for stilling som rådgjevar og fem års relevant erfaring for stilling som seniorrådgjevar
- erfaring med regelverksarbeid, utgreiing eller digitaliseringsrelaterte problemstillingar
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ønskjeleg at du har:
- kjennskap til EØS-prosessar
- kjennskap til regelverk og forvaltning knytt til digitalisering og/eller ID-regulering
Personlige eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- tar initiativ og driv arbeidet framover
- evnar å handtere fleire parallelle prosessar og korte fristar
- arbeider strukturert og planmessig
- er fleksibel og løysingsorientert
- samarbeider godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har stor arbeidskapasitet
Det vil bli lagde vekt stor vekt på personleg egnethet.
Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin.
Vi tilbyr:
- kompetanseutvikling i eit sterkt fagmiljø
- fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommar-/vintertid
- moglegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, forsikrings- og pensjonsordningar
- eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette og eige bedriftsidrettslag
Løn: Stillinga blir lønt som rådgjevar i lønnsspennet 650 000-750 000 kroner per år eller seniorrådgjevar i lønnsspennet 750 000-850 000 kroner per år. Lønsplasseringa er avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 prosent frå løna til innskot til Statens pensjonskasse.
Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova. Les meir om autorisasjon her.
Vi er opptekne av
Mangfald er ein styrke og bidrar til endå betre oppgåveløysing. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Dersom det er kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin frå kvar gruppe til intervju. Dersom du får jobben, legg vi til rette for deg dersom du har behov for det. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir ikkje brukt til andre føremål enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjer
- Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida. Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV). Dette er nødvendig for mellom anna å oppfylle kravet om fullstendige søkarlister. Vi ber også om at du lastar opp vedlegg (vitnemål, kurs/sertifiseringar og arbeidsattestar). Utdanning frå utlandet må dokumenterast med godkjenning frå NOKUT eller HK-dir.
- DFD samarbeider med Semac om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir gjennomført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
- Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar, kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få høve til å trekkje søknaden.
Kontaktperson:
For nærmare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør, Åste Marie Skullerud på tlf 90967304 eller e-post aste-marie.skullerud@dfd.dep.no.
For nærmare opplysningar om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar Annabel Tveit på tlf 97959303 eller annabel.tveit@dss.dep.no. Trond Isaksen

Om oss
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for digitaliserings- og forvaltningspolitikk inkludert kunstig intelligens, elektronisk kommunikasjon og datasenter, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning. Blant dei underliggjande etatane til departementet og verksemder er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.
Avdeling for digitaliseringspolitikk Avdeling for digitaliseringspolitikk har eit samordnings- og pådrivaransvar for regjeringas digitaliserings- og KI-politikk, digital tryggheit og personvern, digitalt handlingsrom og digital infrastruktur. Avdelinga har vidare ansvar for regulering av kunstig intelligens og datadeling, og følgjer opp regelverk frå EU innan digitalisering og kunstig intelligens. Avdelinga har sektoransvaret for elektronisk kommunikasjon, datasentre og utvikling av det nye naudnettet. Avdelinga har ansvar for etatsstyringa av Digitaliseringsdirektoratet, inkludert det nyetablerte KI Norge, og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Vi ivaretek eigarstyringa av Norid AS. Videre har avdelinga det administrative ansvaret for Datatilsynet og Personvernnemnda.
Spørsmål om stillinga
Åste Marie Skullerud
Avdelingsdirektør
+4790967304
Aste-Marie.Skullerud@dfd.dep.no
Annabel Tveit
Rekrutteringsrådgiver
+4797959303
annabel.tveit@dss.dep.noSøk stillinga
Søknadsfrist
17. august 2026
Arbeidsgivar
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD)
Kommune
Oslo
Omfang
Heiltid
Varigheit
Fast
Arbeidsstad
Akersgata 59, 0180 Oslo