Rådgiver/seniorrådgiver i enhet for generelle juridiske saker

Oslo

Søknadsfrist

Om stillinga: Me har ledig ei fast stilling i eining for generelle juridiske saker (GJS). GJS inngår i UNEs fagavdeling, og består for tida av 12 medarbeidarar. Eininga har ein særleg kompetanse innanfor utlendingsrett, menneskerettar og forvaltningsrett. Eininga hjelper verksemda i faglege spørsmål, enkeltsaker og generelle juridiske saker særleg knytte til utlendingslova, statsborgarlova og forvaltningslova. I tillegg driv eininga med rettleiing og opplæring, utarbeider notat og interne retningslinjer, og utfører saksbehandling i generelle juridiske saker. Vi koordinerer UNEs rettssakarbeid, er involvert i rapporteringar til departementet og medverkar til intern og ekstern informasjon om regelverk og praksis. Me søkjer etter ein jurist med gode kunnskapar om utlendingsrett, særleg den delen som gjeld utlendingar som blir omfatta av EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen. Stillinga passar for deg som har eit sterkt fagleg engasjement og interesse for å driva med rettleiings- og utviklingsarbeid på feltet. Vi ønskjer at alle som jobbar i UNE, identifiserer seg med verdiane våre: pålitelegheit, openheit og respekt.

Arbeidsoppgåver

  • saksbehandling av generelle saker, utgreiing og analyse 
  • bistand til saksbehandlarar og nemndleiarar i enkeltsaker
  • informasjonsarbeid, rettleiing og opplæring
  • vidareutvikling av saksbehandlingsrutinar
  • rapportering

Oppgåvene vil særleg, men ikkje berre, relatera seg til problemstillingar knytt til utlendingslova kapittel 13 (EØS-saker). Du må vera førebudd på å handtera eit breitt spekter av fagområde.

Du må rekne med å få andre oppgåver også.

Kvalifikasjonskrav

  • cand.jur./master i rettsvitskap med gode resultat
  • erfaring med saksbehandling og gjerne utgreiingsarbeid frå utlendingsforvaltninga
  • gode kunnskapar om utlendingsrett, særleg EØS-regelverket i utlendingslova
  • god kjennskap utlendingsforvaltninga
  • fordel med erfaring med digitalisering, forbetring og effektivisering av arbeidsprosessar

Personlege eigenskapar

  • analytisk med gode evner til å løyse kompliserte faglege spørsmål
  • stor arbeidskapasitet 
  • evne til å handtere fleire oppgåver samtidig
  • evne til å levera faglege produkt av høg kvalitet innanfor tidvis korte fristar
  • initiativrik, sjølvstendig og systematisk 
  • evne til å prioritere, og til å kunna skilja vesentleg frå uvesentleg
  • gode samarbeidsevner og evne og vilje til kunnskapsdeling
  • god munnleg og skriftleg språkføring 
  • gode pedagogiske evner som vil komma til nytte under fagleg rettleiing og opplæring 

Vi tilbyr

  • jobb i ein etat som har eit viktig samfunnsoppdrag
  • interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • godt tilrettelagt arbeidsmiljø i lokale sentralt i Oslo
  • moglegheit for fleksibel arbeidsstad
  • fleksitid og andre statlege velferdsordningar
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
  • lønnsvilkår: Stillinga er lønt som rådgivar eller seniorrådgivar (kr 553 500–760 000) avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse og kr 400 til OU-midlar.

Generell informasjon

UNE meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn og erfaring for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje på stillingane våre. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette for alle medarbeidarane våre. Vi oppmodar søkjarar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn til å krysse av i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

I samsvar med offentleglova kan namn på søkjarar bli offentleggjorde sjølv om hen har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjarane blir i så fall varsla.

Søkjarar som er borgarar av land som ikkje er medlemmer av EØS, blir bedne om å samtykke til innsyn i eiga utlendingssak dersom dei blir kalla inn til intervju.

Kontaktperson

Øyvind Havnevik, einingsleiar, tlf. 95982395

Søk stillinga

Send søknad via Jobbnorge, som er administrasjonssystemet vi bruker i samband med rekruttering.

Vitnemål, karakterutskrifter og attestar må leggjast ved saman med søknaden innan søknadsfristen.

Om oss

Utlendingsnemnda (UNE) er eit sjølvstendig, uavhengig og domstolsliknande organ som behandlar klager i utlendingssaker og statsborgarsaker.

Vi har om lag 240 medarbeidarar og held til sentralt ved Jernbanetorget i Oslo sentrum. UNE er administrativt underlagd Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå www.une.no. Søk stillinga

Søknadsfrist: 3. mars 2023

Arbeidsgivar: Utlendingsnemnda (UNE)

Kommune: Oslo

Omfang: Heiltid

Varigheit: Fast

Arbeidsstad: Oslo

SØK HER