Rådgivar/seniorrådgivar i arbeidsgivarpolitisk avdeling
Vil du jobbe med utvikling av arbeidsgivarpolitikk i staten?
Om stillinga: Stillinga som rådgivar/seniorrådgivar inngår i arbeidsgivarpolitisk avdeling, som er den sentrale arbeidsgivarfunksjonen i staten. I avdelinga er vi rundt 30 tilsette som saman har ansvaret for den sektorovergripande arbeidsgivarpolitikken i staten. Vi ser etter deg som har innsikt i og interesse for den statlege arbeidsgivarpolitikken med hovudfokus på forhandlingar og tariff.Hos oss vil du få høve til å bidra med å utvikle forhandlingsposisjonane til staten på sentralt nivå og delta i forhandlingar om lønns- og arbeidsvilkår for 170 000 statstilsette. Du vil jobbe tett saman med andre kollegaer i avdelinga gjennom ulike arbeidsgrupper. Vidare vil du ha kontakt med representantar for hovudsamanslutningane, og dessutan fagpersonar innan tariffavtalar og avtaleverk i andre departement og verksemder. Du kan påverke innhaldet i arbeidsoppgåvene i ei relativt sjølvstendig rolle.
Arbeidsoppgåver
- vere med å førebu innspel til staten sine posisjonar i dei årlege forhandlingane om lønn og særavtalar
- bidra i utgreiingar knytt til generelle tariffrettslege- og avtalerettslege problemstillingar
- handtere enkeltsaker, særleg i samspel med hovudsamanslutningane og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
- saksbehandling og bidra i utgreiingar i samarbeid med kollegaer
- klargjere formelle rammer i lov- og avtaleverk, som til dømes gjev tariffrettsleg forståing
- greie ut om generelle tariffrettslege problemstillingar
Vi søkjer deg som har
Nødvendige kvalifikasjonar
- master i rettsvitskap, statsvitskap, samfunnsøkonomi, sosiologi eller liknande
- erfaring og interesse for tariff og forhandlingar
- gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
- god forståing for forholdet mellom politikk og embetsverk
- god forståing for arbeidsgivar- og arbeidstakarrolla
Det er ein fordel med erfaring frå departement og offentleg sektor. For rådgivarar trengst normalt tre års relevant erfaring, og for seniorrådgivarar trengst normalt fem års relevant erfaring. Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Personlege eigenskaper
For å lykkast i stillinga er det viktig at du evnar å tenkje analytisk og strategisk. Du har ei strukturert arbeidsform og god gjennomføringsevne. Vidare samarbeider du godt med andre og evnar å jobbe sjølvstendig. Personlege eigenskapar vil bli tillagd stor vekt.
Vi tilbyr
- ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
- fleksibel arbeidstid, betalt overtid og sommartid
- arbeidsplass sentralt i Oslo sentrum
- medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne- forsikrings- og pensjonsordningar
- eit aktivt sosialt miljø med mange tilbod til dei tilsette, eige bedriftsidrettslag og bedriftshelseteneste
- moglegheit for trening i arbeidstida
Som ny i Kommunal- og distriktsdepartementet får du heilt frå starten av delta i viktige oppgåver som utfordrar deg, og du får ein dedikert fadder som følgjer deg opp. Departementet har eit godt etablert introduksjonsprogram der du blir betre kjent med nytilsette i andre avdelingar. For tilsette under 40 år er det ei eiga foreining, Ung i KDD. Nettverket skal bidra til å skape eit miljø og ein arena der unge i departementet kan møtast jamleg til faglege og sosiale samankomstar. Ønskjer du å vite meir om korleis det er å jobbe i departementet og kva vi har å tilby, ver vennleg og sjå jobbikdd.
Løn: Stillinga blir lønt som rådgivar/seniorrådgivar frå kr 594 500 – 821 100 pr år. Stillings- og lønnsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Autorisasjon: Tilsette i Kommunal- og distriktsdepartementet må kunne autoriserast for tilgang til informasjon AVGRENSA etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her.Trond A. Isaksen
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» øvst på denne sida. Legg ved vitnemål og eventuelle attestar.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hol i CV-en. Arbeidsforholda vil bli lagde til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjarar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Les meir om krava i Arbeidsgjevarportalen.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder publiserer i årsrapportane sine.
KDD samarbeider med Meditor om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
I samsvar med offentleglova 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.
Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga, ver vennleg og ta kontakt med avdelingsdirektør Ragnar Ihle Bøhn: tlf: 90 64 34 33 eller e-post: ragnar-ihle.bohn@kdd.dep.no.
Om oss
Kommunal- og distriktsdepartementet har ansvar for bustadpolitikk, plan- og bygningslova, arbeid med berekraftsmåla, kart- og geodatapolitikken, kommuneøkonomi og lokalforvaltning, IKT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, regional- og distriktspolitikk, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, valgjennomføring, politikken overfor samar og nasjonale minoritetar, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning. Departementet har ansvar for ei rekkje etatar og verksemder.
Arbeidsgjevarpolitisk avdeling har ansvaret for den sektorovergripande arbeidsgjevarpolitikken i staten. Målet vårt er å bidra til at statlege verksemder er kompetente arbeidsgjevarar med attraktive arbeidsplassar. Avdelinga forhandlar om tariffavtaler med hovudsamanslutningane i staten og forvaltar statstilsettelova, tenestetvistlova, karantenelova og forskrifter til lovene. Avdelinga tek initiativet til og følgjer opp sentrale arbeidsgjevarpolitiske satsingar, er pådrivar for og støttar arbeidet med omstilling, kompetanseutvikling, leiing og eit inkluderande og mangfaldig arbeidsliv.
Frå 1.1.24 vil avdelinga vera del av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Spørsmål om stillinga
Ragnar Ihle Bøhn
Avdelingsdirektør
90643433
ragnar-ihle.bohn@kdd.dep.no
Søknadsfrist: 12. november 2023
Arbeidsgivar: Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommune: Oslo
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Akersgata 59, 0180 Oslo