Me søkjer to juristar for fast tilsetjing i full stilling.
Petroleumstilsynet
Du må ha gode samarbeidsevner, høg fagleg kompetanse og motivasjon, gjerne med erfaring frå energi- og petroleumsverksemda, arbeidsrett, offentleg forvaltning og EU-/EØS-rett. Det er òg viktig å vera løysings- og resultatorientert og ha evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig. Stillinga inneber nært samarbeid med andre faglege ressursar i etaten.
Arbeidsoppåver
- Bistand ved oppfølging av verksemder på vårt forvaltningsområde
- Rådgjeving internt og rettleiing eksternt
- Rådgjeving til overordna departement og andre styremakter
- Regelverksutvikling
- Utgreiingsarbeid og samordning av høyringar
- Utvikling av regelverks- og forvaltningskompetanse i organisasjonen
- Klagebehandling
- Bistand til politiet når dei etterforskar hendingar på vårt forvaltningsområde
- Andre juridiske spørsmål
Kvalifikasjonar
- Cand. jur. eller master i rettsvitskap
- Relevant arbeidserfaring, men nyutdanna kan òg søkje
- Erfaring med, eller interesse for, tverrfagleg arbeid
- Evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre
- Analytiske evner og god formidlingsevne
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskaper
- Gode samarbeidsevner og resultatorientert
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Initiativrik, nøyaktig og serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
- Brei kontakt med ulike aktørar og fagmiljø, både nasjonalt og internasjonalt
- Gode utsikter til fagleg påfyll
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Løn etter avtale
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Fadderordning
- Moderne og innbydande lokale, med eige kontor
- Aktivt bedriftsidrettslag og gode treningsfasilitetar i og utanfor huset
- Tilgang til bedriftshytte ved fjorden
Søknadsfrist: 05.12.2022
Arbeidsgivar: Petroleumstilsynet
Stad: STAVANGER
Stillingstittel: Juristar
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Kontaktinformasjon
Sigve Knudsen
Direktør Juss og rammevilkår
51873269
Helene Bjelland
Juridisk rådgiver
51873213
Lars Fredrik Bråten
Juridisk rådgiver
51873322
SØK HER
Petroleumstilsynet skal leggja premiss for og følgja opp at aktørane i petroleumsverksemda held eit høgt nivå innan helse, miljø og sikkerheit, beredskap og sikring og gjennom dette også vera med på å skapa størst mogleg verdiar for samfunnet. Petroleumstilsynet har òg fått ansvar for å fylgje opp fornybare energikjelder til havs, som hydrogen, havvind, karbonfangst og lagring, samt utvinning av mineralar på havbotn. Til dette arbeidet treng vi dyktige og motiverte fagfolk.
Som arbeidsgjevar vil me i størst mogleg grad spegla mangfaldet i samfunnet. Difor vert alle kvalifiserte kandidatar med ulik arbeids- og livserfaring oppmoda om å søka jobb hos oss. Dette gjeld med omsyn til både kjønn, alder, etnisitet, funksjonsevne og kandidatar som av ulike grunnar ikkje kan dokumentera ei samanhengande yrkeskarriere.
Petroleumstilsynet jobbar aktivt med IA-arbeid, som mellom anna inneber at både arbeidsgjevar og dei tilsette pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå meir inkluderande arbeidsplassar.
Dersom kandidatar opplyser at dei har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller ikkje kan dokumentera samanhengande yrkeskarriere, kan opplysningane bli brukt til statistikkformål.