Gjennom si sjølvstendige stilling og høge faglege kvalitet er domstolane samfunnet sitt fremste organ for løysing av konfliktar. Domstolane bidreg til vern av den enkelte sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skapa tillit i befolkninga ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømmande verksemd.

Om stillinga

Gulating lagmannsrett har ledig ein konstitusjon som lagdommar i perioden 1. januar - 30. juni 2025.

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet med 32 dommarembete, 8 juridiske utgreiarar og om lag 20 saksbehandlarar/administrative stillingar. Domstolen vert leia av ein førstelagmann og er organisert i to dommaravdelingar, ei utgreiareining og ein administrasjon med sekretariat og fellestenester.

Lagdømmet består av Vestland og Rogaland lagsogn. Domstolen har lokale sentralt i Bergen, og har dessutan faste rettslokale i Stavanger og Haugesund. Ein del reising må påreknas.

Gulating lagmannsrett er ein heildigital domstol. Domstolen legg vekt på høg kvalitet, effektivitet og god service til brukarane av domstolen.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vera norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet
For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.

Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og spegla befolkningssamansetninga generelt – både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. 

Vi tilbyr

Lønna for lagdommarar er per i dag kr. 1 419 000,-.  Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.

Vi utarbeidar offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysningar om kven som har søkt kan verta gjorde offentlege, sjølv om ein søkjar har bede om konfidensiell handsaming. 

Spørsmål om stillinga

Magni Elsheim, førstelagmann 

Guri Elisabeth Molven, lagmann 

Søk stillinga

Søknadsfrist: 13. oktober 2024
Arbeidsgivar: Gulating lagmannsrett
Kommune: Bergen
Omfang: Heiltid
Varigheit: Vikariat/mellombels
Arbeidsstad: Gulating Plass 1, 5014 Bergen