Jurist innan personvern- og forvaltningspolitikk

Kommunal- og distriktsdepartementet

Søknadsfrist

Vil du jobbe med statsføretakslova, klart lovspråk og personvern? Har du interesse for personvern og eit fagleg engasjement for å utvikle forvaltninga? Da vil vi gjerne ha deg med på laget. Vi har ledig eit vikariat som varer ut februar 2024, men som kan forlengast. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø der hovudtyngda ligg på samfunnsfag, juss og teknologi. Arbeidsmiljøet er prega av eit stort jobbengasjement, og vi ser etter deg som brenn for å bruke jussen til å drive samfunnsutviklinga framover, og som vil omsette ny politikk i praksis. Vi jobbar på eit samfunnsområde som er drive av teknologi, og som er i rask endring. Feltet er internasjonalt, og vi jobbar hovudsakleg prosjektbasert. Vi samarbeider med fleire andre samfunnsaktørar, som for eksempel andre departement, Datatilsynet og Digitaliseringsdirektoratet. Vil du vere med på å utvikle ein lovproposisjon for lov om statsforetak og i tillegg utarbeide og følge rutinar for forvaltning av lova? Les vidare! Du vil jobbe i to av seksjonane i avdelinga, men blir formelt tilsett i seksjon for personvern, som har fem medarbeidarar. Du blir også ein del av eit breitt fagmiljø i seksjon for forvaltningspolitikk, som har 14 medarbeidarar. Du får høve til å samarbeide på tvers av ulike einingar med engasjerte kollegaer frå ulike fagfelt.

Dette får du jobbe med

Du vil få behandle enkeltsaker, samtidig som du får større prosjektoppgåver som gjer at du kan fordjupe deg fagleg i interessante problemstillingar. Vidare inneber oppgåvene å legge til rette for gode avgjerdsprosessar og ha dialog med aktuelle departement og relevante aktørar. Du får også jobbe med å følge opp ansvaret vårt for klart lovspråk, som handlar om å legge til rette for brukarvennlege lover og reglar for framtida. Du vil få fleire oppgåver innan personvern, mellom anna regulering og utvikling av feltet, noko som gir deg høve til å utvikle deg innanfor personvernområdet.

Du vil:

  • utarbeide ein lovproposisjon for lov om statsforetak
  • utarbeide og følge rutinar for forvaltning av lova
  • følge opp rapporten frå Personvernkommisjonen
  • greie ut spørsmål i krysningspunktet mellom personvern og digitalisering
  • utvikle faget klart lovspråk

Når du tiltrer, blir arbeidet med den nye lova for statsføretak hovudarbeidsoppgåva. I lovarbeidet samarbeider du tett med ein erfaren fagperson. Etter kvart som lovarbeidet blir fullført, får du større variasjon i arbeidsoppgåvene frå dei to seksjonane.

Vi søkjer deg som har 

Nødvendige kvalifikasjonar

  • master i rettsvitskap / juridisk embetseksamen
  • kunnskap om forvaltningsrettslege problemstillingar og personvernrett
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk

Nyutdanna masterstudentar kan søke stilling som førstekonsulent. Ei stilling som rådgivar vil normalt krevje ca. tre års erfaring. Spesielt relevant erfaring kan delvis kompensere for kortare erfaring enn kravet.

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • kunnskap om selskapsformer i staten
  • erfaring med forvaltning
  • interesse for teknologiutvikling og digitalisering

Personlege eigenskaper

Du bidrar til å skape framdrift, samtidig som du evnar å prioritere oppgåvene, sidan du er knytt til to seksjonar. Det er ein fordel om du er samvitsfull og har ei strukturert tilnærming. Du har også:

  • gode samarbeidsevner og trivst i nært samarbeid med andre
  • evne til å jobbe sjølvstendig og å spørje deg fram, finne ut av ting og vere ein pådrivar for å finne løysingar på nye problemstillingar
  • gode analytiske evner, forstår komplekse problemstillingar og evnar å formidle dei

Vi vil legge stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr:

  • høve til å påverke og vere tett på samfunnsviktige spørsmål
  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • eit sterkt fagmiljø og samarbeid med viktige samfunnsaktørar
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid med kontor sentralt i Oslo sentrum
  • høve til å trene i arbeidstida
  • eiga bedriftshelseteneste

Løn: Stillinga er løna som som førstekonsulent/rådgivar fra kr. 520 000 –  680 000 pr år. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. Høgare løn kan vurderast for spesielt godt kvalifiserte søkjarar.

Frå løna blir det trekt  2 % innskot til Statens pensjonskasse. 

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» øvst på denne sida. Legg ved vitnemål og eventuelle attestar.

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hol i CV-en. Arbeidsforholda vil bli lagde til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjarar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les meir om krava i Arbeidsgjevarportalen.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder publiserer i årsrapportane sine.

Godt medarbeidarskap er viktig for oss.

KDD samarbeider med Meditor om bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

I samsvar med offentleglova 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista.

Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kontakt: avdelingsdirektør Asgeir Fløtre, tlf: 93086134, e-post: Asgeir.Flotre@kdd.dep.no, eller avdelingsdirektør Åste Marie Skullerud, tlf: 90967304, e-post: Aste-Marie.Skullerud@kdd.dep.no

Om oss

Kommunal- og distriktsdepartementet har ca. 380 tilsette og er sekretariat for kommunal- og distriktsministeren og resten av politisk leiing.

Departementet (KDD) har ansvar for bustadpolitikk, plan- og bygningslova, kart- og geodatapolitikken, kommuneøkonomi og lokalforvaltning, IKT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, regional- og distriktspolitikk, valgjennomføring, politikken overfor samar og nasjonale minoritetar, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning.

Departementet har ansvar for ei rekkje etatar og verksemder. 

Avdeling for IT- og forvaltningspolitikk
Avdelinga har koordineringsansvaret for forvaltningspolitikken og IT-politikken, for delar av personvernpolitikken og for elektronisk kommunikasjon. Ansvaret omfattar blant anna arbeidet med digitalisering og innovasjon i offentleg sektor, personopplysningsforskrifta og administrativt ansvar for Datatilsynet og for Personvernnemnda. Avdelinga har òg ansvar for etatsstyringa av Digitaliseringsdirektoratet og av Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Avdelinga er fagleg sekretariat både for distrikts- og digitaliseringsministeren og for kommunal- og moderniseringsministeren.

Søknadsfrist: 9. november 2022

Arbeidsgiver: Kommunal- og distriktsdepartementet

Kommune: Oslo

Omfang: Heltid

Varighet: Vikariat/mellombels

Arbeidssted: Kommunal- og distriktsdepartementet

Søk her