Jurist

Jurist og interessert i integreringsfeltet?

Søknadsfrist

Om stillinga: Ønsker du deg interessante, varierte og utfordrande oppgåver og eit inspirerande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse? Vi søker ein motivert og fleksibel medarbeidar til eit fagområde med høg politisk merksemd. Vi har ledig eit 12 månadars vikariat som jurist på integreringsfeltet i seksjon for arbeidsmarknadsintegrering og juridiske oppgåver.

Arbeidsoppgåver

Som jurist hos oss vil du arbeide med regelverksutvikling, lovfortolking og utgreiingsarbeid innan heile integreringsfeltet. Du vil også gi faglege råd til politisk leiing, sette i verk politiske vedtak og bidra til fagleg utvikling innan saksområda til seksjonen. Du må vere førebudd på å kunne arbeide innan et breitt spekter av fagområde.

Kva slags bakgrunn har du?

Du må ha:

  • juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap med gode resultat.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • god samfunns- og rolleforståing.
  • interesse for offentlege avgjerdsprosessar og verkemiddelbruk.
  • solid relevant erfaring for å innplasserast som seniorrådgivar.

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring frå offentleg forvalting, gjerne departement.
  • kjennskap til departementet sitt ansvarsfelt.

Nyutdanna er velkomne til å søke. 

Alle søkarar må lasta opp vitnemål og attestar. Bruk vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.

For å bli tilsett må du kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som:

  • har gode samarbeidsevner, er sjølvstendig og jobbar systematisk og grundig.
  • har evne til raskt å sette deg inn i nye problemstillingar.
  • har gode analytiske evner.
  • er utviklingsorientert.

Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.

Kva får du hos oss?

  • Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggjelege kollegaar. Vi legg vekt på å gi ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
  • Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
  • Om du innplasserast som førstekonsulent, rådgivar eller seniorrådgivar, avheng av kvalifikasjonane og erfaringa di.
  • Lønn vil ligge mellom kr. 527.000 og 845.900 (lønnstrinn 53 - 79) avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare lønn.
  • Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse, som òg har eit av marknadens rimelegaste bustadlån. 
  • Høve til å trene i arbeidstida

Les dette før du søker

  • Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar, brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ynsket ditt ikkje blir tatt til følgje.
  • Arbeidsspråket er norsk.

Kontaktinformasjon

For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Toril Melander Stene på tlf. 911 40 108.

Tre på rad 8

Om departementet og avdelinga

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken. Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet. Vi er om lag 245 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.

Integreringsavdelinga har ansvar for å utvikle og samordne regjeringa sin inkluderings- og integreringspolitikk. Avdelinga har mellom anna ansvar for busetting av flyktningar, kvalifisering av vaksne innvandrarar, mangfald i arbeidslivet, førebyggje negativ sosial kontroll, statsborgarskap, tolking i offentleg sektor, sivilsamfunnet si rolle på integreringsområdet, samt tilskot til kommunar og frivilligheita.

Avdelinga har ansvar for etatsstyring av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), og gir oppdrag til Bufdir, HK-dir og UDI.

Spørsmål om stillinga

Toril Melander Stene
Avdelingsdirektør
911 40 108

Søknadsfrist: 7. januar 2024
Arbeidsgivar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Kommune: Oslo
Omfang: Heiltid
Varigheit: Vikariat/mellombels
Arbeidsstad: Akersgata 64, 0180 Oslo

Søk stillingen