Juridisk utgreiar

Bergen

Søknadsfrist

Om oss: Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er for tida organisert i to rettsavdelingar, utgreiareining, sekretariat og fellestenester. Domstolen held til i eige moderne bygg i Bergen sentrum. Utgreiareininga i Gulating lagmannsrett skal være ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining med stor vekt på eit godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar, og vert leia av ein lagmann og ein nestleiar. Me har no ledig ei fast stilling som utgreiar, med tiltreding etter nærare avtale.

Arbeids- og ansvarsområde

Utgreiarane arbeider hovudsakleg for lagmannsretten sitt ankeutval, og den viktigaste oppgåva er å skriva fullstendige utkast til rettslege avgjerder for dommarane i ankeutvalet. Utgreiarane driv med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia. Arbeidet er variert og spanande, og gjev god innsikt i prosessretten og i ei rekkje andre juridiske fagfelt.

Kvalifikasjonskrav

Stilling som utgreiar krev særs gode juridiske kvalifikasjonar, og embetseksamen/ master i rettsvitskap med gode resultat. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og krev ei strukturert arbeidsform. Det vert sett høge krav til å balansera omsynet til kvalitet med omsynet til effektivitet, og til at ein kan levera utkast til avgjerder av høg kvalitet raskt og innan fastsette fristar. Søkjarar må ha god skriftleg framstillingsevne og kunna begge målformer. Gode samarbeidsevner er særs viktig. Det vil verta lagt vekt på dommarfullmektigpraksis, erfaring frå liknande utgreiingsarbeid eller tilsvarande, men også dei utan slik erfaring er velkomne til å søka.

Gulating lagmannsrett kan tilby

  • God opplæring og gode interne system for oppfølging, systematisk kunnskapsdeling og bygging av erfaring og kompetanse. Høve til fagleg fordjupning med stort fokus på kvalitet. 
  • Sjølvstendig arbeid i tett og inspirerande samarbeid med dyktige utgreiarar, lagdommarar og andre tilsette. God kunnskap om arbeidet i ein lagmannsrett og innsikt i domstolssystemet elles.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Fleksibel heimekontorordning og høve til trening i arbeidstida.

Stillinga som utgreiar vert løna som rådgjevar, stillingskode 1434 eller seniorrådgjevar, stillingskode 1364, avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegla folkesamansetnaden generelt óg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Praksis som utgreiar er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve.

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Dommerbilde 1

Spørsmål om stillingen

Guri Elisabeth Molven
lagmann
Tel. 55693937
guri.elisabeth.molven@domstol.no

Linn Tordal Halvorsen
utgreiar/nestleiar
Tel. 55693857
linn.tordal.halvorsen@domstol.no

Søknadsfrist: 11. februar 2024
Arbeidsgiver: Gulating lagmannsrett
Kommune: Bergen
Omfang: Heltid
Varighet: Fast
Arbeidssted: Gulatings plass 1, 5012 Bergen

Søk stillingen