Juridisk utgreiar

Gulating lagmannsrett

Søknadsfrist

Om oss

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er for tida organisert i to rettsavdelingar, utgreiareining, sekretariat og fellestenester.

Utgreiareininga i Gulating lagmannsrett skal være ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining med stor vekt på eit godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar, og vert leia av ein lagmann og ein nestleiar.

Me har no ledig ei fast stilling som utgreiar, med tiltreding i månadsskiftet august/september 2023

Arbeids- og ansvarsområde

Utgreiarane arbeider hovudsakleg for lagmannsretten sitt ankeutval, og den viktigaste oppgåva er å skriva fullstendige utkast til rettslege avgjerder for dommarane i ankeutvalet. Utgreiarane driv med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia. Arbeidet gjev god innsikt i prosessretten og i ei rekkje andre juridiske fagfelt.

Kvalifikasjonskrav

Stilling som utgreiar krev særs gode juridiske kvalifikasjonar, og embetseksamen/ master i rettsvitskap med gode resultat. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og krev ei strukturert arbeidsform. Det vert sett høge krav til å balansera omsynet til kvalitet med omsynet til effektivitet, og til at ein kan levera utkast til avgjerder av høg kvalitet raskt og innan fastsette fristar. Søkjarar må ha god skriftleg framstillingsevne og kunna begge målformer. Gode samarbeidsevner er særs viktig. Det vil verta lagt vekt på dommarfullmektigpraksis, erfaring frå liknande utgreiingsarbeid eller tilsvarande.

Gulating lagmannsrett kan tilby

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver innanfor fleire saksfelt.
  • God opplæring og gode interne system for oppfølging, systematisk kunnskapsdeling og bygging av erfaring og kompetanse.
  • Høve til fagleg fordjuping med stort fokus på kvalitet.
  • Sjølvstendig arbeid i tett og inspirerande samarbeid med dyktige utgreiarar, lagdommarar og andre tilsette.
  • God kunnskap om arbeidet i ein lagmannsrett og innsikt i domstolssystemet elles.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og høve til trening i arbeidstida.

Stillinga som utgreiar vert løna som rådgjevar, stillingskode 1434 eller seniorrådgjevar, stillingskode 1364, avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegla folkesamansetnaden generelt óg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve.

Spørsmål om stillingen

Spørsmål om stillinga kan rettast til lagmann Guri Elisabeth Molven på telefon 55 69 39 37 eller nestleiar Linn Tordal Halvorsen på telefon 55 69 38 57.

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Foran rettsal

Søknadsfrist: 14. april 2023

Arbeidsgivar: Gulating lagmannsrett

Kommune: Bergen

Omfang: Heiltid

Varigheit: Fast

Arbeidsstad: Gulatings plass 1

SØK HER