Førstekonsulent/rådgivar
Jobb med forhandlingar og tariffavtalar i staten!
Arbeidsgivarpolitisk avdeling har ansvaret for den sektorovergripande arbeidsgivarpolitikken i staten, og har no ei ledig stilling for deg som har ei interesse av, og ønskjer å delta i, forhandlingar.
I denne rolla får du vere med å bidra i arbeidet med å utvikle posisjonane til staten i forhandlingar knytt til tariffavtalar og særavtalar. Mellom anna vil du delta i forhandlingane om lønns- og arbeidsvilkår for rundt 160 000 tilsette i staten.
Du blir ein del av ei avdeling med 28 kollegaer, der vi er 8 tilsette som jobbar særskilt med forhandlingar. Du vil få sjølvstendig ansvar for eigne saker, men vi samarbeider også tett i ulike prosjekt- og arbeidsgrupper. I tillegg vil du ha ei utoverretta rolle der du har kontakt med arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonar, og vi trur derfor at denne stillinga passar bra for deg som trivst med å ha dialog med andre.
Arbeidsoppgåver
Sentralt for denne rolla er å sikre at avdelinga leverer fagleg solid, i samsvar med ulike fristar, og i tråd med rutinane i departementet og avdelinga når det gjeld å
- vere med og førebu innspel til posisjonane til staten i forhandlingar om særavtalar og dei årlege, sentrale lønsforhandlingane
- bidra i utgreiingar knytt til generelle tariffrettslege- og avtalerettslege problemstillingar
- behandle og handtere enkeltsaker, særleg i samhandling med hovudsamanslutningane, og med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
I periodar med løns- og tarifforhandlingar har vi mykje å gjere, og noko ekstraarbeid må reknast med.
Vi søkjer deg som
- har relevant utdanning på masternivå, eller avslutta mastergrad våren 2024 (må vere bestått innan oppstart)
- har forståing og interesse for partsrolla, arbeidsgivarrolla og verksemdsperspektivet
- har god forståing om forholdet mellom fagkunnskap og politikk
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at mastergrada di er innan juss eller statsvitskap, og/eller at du har erfaring frå arbeid med tariff og forhandlingar.
For å kvalifisere for stillingstittelen rådgivar må du ha nokre års relevant erfaring frå arbeid med lønns- og tarifforhandlingar.
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast i denne stillinga, må du motiverast av og ha lyst til å delta i partssamarbeid og forhandlingar. Vi søkjer deg som har integritet, er strategisk innretta og evnar å sjå løysingar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert. Det er viktig med gode samarbeidsevner og ei god rolleforståing.
Det vil bli lagde vekt stor vekt på personleg egnethet.
Utdannelse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin
- ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
- gode faglege utviklingsmoglegheiter
- lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport
- gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar
Løn: Stilling blir lønt som førstekonsulent/rådgivar frå kr 540 400 - 708 000 per år. Lønsplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar.
Autorisasjon: Tilsette i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet må kunna autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter tryggingslova. Les meir om autorisasjon her.
Vi er opptekne av
Mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løysa oppgåvene våre endå betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å kryssa av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir ikkje brukt til noko anna enn anonymisert statistikk som statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Informasjon til deg som søkjer
Søknad med CV blir send elektronisk via link på denne sida.
DFD samarbeider med Meditor for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og innebærerat me verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.
Vi gjer merksam på at opplysninga om at du er søkjar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25. Du vil bli informert før offentleggjeringa og få moglegheit til å trekkja søknaden.
Kontaktperson: For nærare opplysningar om stillinga kontakt avdelingsdirektør Ragnar Ihle Bøhn på tlf. 906 43 433 eller e-post Ragnar-Ihle.Bohn@dfd.dep.no.
Ved spørsmål om rekrutteringsprosessen kan du ta kontakt med rådgivar i DSS Tale Fredriksen på tlf. 908 43 773 eller e-post Tale.Fredriksen@dss.dep.no.
Om oss
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD) har om lag 170 tilsette og er sekretariat for digitaliserings- og forvaltningsministeren. Departementet har ansvar for IT- og forvaltningspolitikk, elektronisk kommunikasjon, arbeid med FNs berekraftsmål, det administrative ansvaret for statsforvaltarane, statleg arbeidsgivarpolitikk og statleg bygg- og eigedomsforvaltning. Blant dei underliggjande etatane til departementet og verksemder er Digitaliseringsdirektoratet, Datatilsynet, Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Statsbygg, Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og statsforvaltarane.
Arbeidsgivarpolitisk avdeling har ansvaret for den sektorovergripende arbeidsgivarpolitikken i staten. Målet vårt er å bidra til at statlege verksemder er kompetente arbeidsgivarar med attraktive arbeidsplassar. Avdelinga forhandlar om tariffavtalar med hovudsamanslutningane i staten og forvaltar statsansatteloven, tenestetvistlova, karantenelova og forskrifter til lovene. Avdelinga tek initiativet til og følgjer opp sentrale arbeidsgiverpolitiske satsingar, er pådrivar for og støttar arbeidet med omstilling, kompetanseutvikling, leiing og dessutan eit inkluderande og mangfaldig arbeidsliv.
Spørsmål om stillinga
Ragnar Ihle Bøhn
Avdelingsdirektør
906 43 433
Ragnar-Ihle.Bohn@dfd.dep.no
Tale Fredriksen
Rådgiver rekruttering
908 43 773
Tale.Fredriksen@dss.dep.no