Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har oppretta ei ny fast stilling som fagdirektør for juridiske saker i avdeling for sivilsamfunn og idrett. Avdelinga er i gang med fleire store lov- og forskriftsarbeid, mellom anna knytt til handsaming av personopplysningar i frivillige organisasjonar, antidopingarbeid i idretten og frivilligregister. Vi søkjer ein erfaren jurist som vil jobbe på heile avdelinga sitt arbeidsområde.
Arbeidsoppgåver
Som fagdirektør vil du få ansvar for fagleg leiing, samordning og kvalitetssikring av det juridiske arbeidet i avdelinga. Du vil fungere som rettleiar i tillegg til å ha koordineringsansvar. Stillinga vil ha særleg ansvar for å utvikle det juridiske arbeidet på avdelinga sitt arbeidsområde. Du vil få ansvar for å leie prosessar og prosjekt og for å rettleie og kvalitetssikre arbeid for kollegaer.
Den som blir tilsett, skal mellom anna
- vere fagleg leiar og rettleiar for sentrale lovarbeid i avdelinga
- utvikle, samordne og bidra i det juridiske arbeidet i avdelinga
- kommunisere og samarbeide med andre avdelingar og andre departement om juridiske saker
- utføre løpande juridiske oppgåver i avdelinga og enkel sakshandsaming
- gi råd og innspel til avdelingsleiinga
Fagdirektøren er organisatorisk plassert i stab under ekspedisjonssjef, men vil på enkeltoppgåver rapportere direkte til avdelingsdirektørane i avdelinga.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper
Du må ha
• juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat
• svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
• minst 10 års relevant yrkeserfaring, mellom anna erfaring frå departement
• erfaring frå prosessleiing og fagleg rettleiing
• erfaring frå regelverksutforming/lovarbeid
Vi ser etter ein person som
• kan jobbe sjølvstendig og har gode evner til å organisere arbeid, sørgje for framdrift og levere godt arbeid til rett tid
• er ein lagspelar med gode samarbeidsevner, er fleksibel og har evne til å leie større prosjekt
• evnar å jobbe strategisk og analytisk med blikk for heilskapen
• er initiativrik og utviklingsorientert
• har godt humør, engasjement og motivasjon for arbeidet
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og for å bli tilsett må du få bakgrunnssjekken godkjend.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter tryggingslova.
Vi tilbyr
- innplassering som 1539 Fagdirektør med ei brutto årslønn frå 796 600 (lt 77) - 966 300 (ltr 84) kroner (for spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast)
- trivelege lokale midt i Oslo sentrum med godt kantinetilbod
- fleksibel arbeidstid, med sommar- og vintertid
- høve til å trene i arbeidstida, tilgang til treningsrom og treningstilbod
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
- introduksjonsprogram for nytilsette og gode høve til kompetanseutvikling gjennom KUD-skolen og Departementsakademiet
- eit kunnskapsrikt, inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
Kvardagen i departementsfellesskapet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har eit omfattande og viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å vere med på å utvikle den statlege politikken og forvaltninga av våre politikkområde.
Kultur- og likestillingsdepartementet er del av eit departementsfellesskap som er miljøsertifisert, og vi jobbar aktivt og systematisk med berekraftsansvaret i sektorane våre.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Det gjeld særleg personar med nedsett funksjonsevne, personar med hol i cv-en og personar med innvandrarbakgrunn. Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du fell inn under ein av dei nemnde kategoriane. Vi vil kalle inn minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Lars Audun Granly på telefon 22 24 80 27 eller 90 18 83 85 på e-post: Lars-Audun.Granly@kud.dep.no
Om avdelinga og seksjonen
Avdeling for sivilsamfunn og idrett er delt i to seksjonar og har ansvar for politikkområda idrett og fysisk aktivitet, antidoping, barne- og ungdomskultur, frivillig kulturliv, frivilligsentralar, studieforbund og dessutan samordning av og rammer for frivilligheit.
Avdelinga forvaltar lover og regelverk og er ansvarleg for fordeling av spelemidlar frå Norsk Tipping innanfor dei nemnde områda.
Om oss
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri.Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining. Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no.