Byggesaksbehandlarar ved teknisk eining
Giske kommune
Om stillingenStor saksmengde og skifte av personell gjer at avdelinga treng tre nye byggesaksbehandlarar i 100 % fast stilling. Alle stillingane er ledig frå snarast. Avdeling teknisk forvaltning er ei av 4 avdelingar i teknisk eining. Eininga har til saman om lag 50 medarbeidarar. Teknisk forvaltning har avdelingsleiar og 15 tilsette som dekkjer arbeidsområda kommuneplan, regulering, byggesak- og deling, kart og oppmåling (geodata), grunnkjøp, veg, vatn og avløp samt eiendomsskatt. Giske er ein vekstkommune med auke i folketal, og med næringsaktivitet og utbyggingar som er viktige for kommunen. I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga, og vi vil vurdere tilsettingane for å komplettere dei andre medarbeidarar sin kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Behandle saker etter plan og bygningslova; bygge- og delesaker, tilsyn og ulovlighetsoppfølging, samt andre saker og samarbeid innan verksemda sine arbeidsområde
- Stillinga inneber kontakt med private og profesjonelle utbyggarar, og ei viktig oppgåve vil vere rettleiing og dialog for å sikre gode saksprosessar
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innan relevant fagområde, gjerne juridisk kompetanse/jurist, ingeniør eller arkitekt. I særlege høve kan lang erfaring frå saksområde kompensere for utdanningskravet
- Det er ønskeleg med saksbehandlarerfaring
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Giske kommune nyttar nynorsk skriftmål
- God digital kompetanse
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar
- Interesse og entusiasme for fagområde plan og byggesak.
- Serviceinnstilt haldning, løysingsorientert, gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
- Effektiv og nøyaktig
- Evne til å uttrykke seg presist skriftleg og munnleg på norsk
Vi tilbyr
- Høve til fagleg utvikling og til meningsfylte og varierte oppgåver
- Anledning til å vere med på å påvirke samfunnsutviklinga
- Godt arbeidsmiljø
- Godt tverrfagleg fagmiljø i avdelinga
- Fleksibel arbeidstid og gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Eli Brunstad Høydal
kommunalsjef
48496902
Søknadsfrist: 11.07.2022
Arbeidsgivar: Giske kommune
Stad: Valderøya
Stillingstittel: Byggesaksbehandlarar ved teknisk eining
Stillingar: 3
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100