2 juristar til tilsyns- og kontrolldivisjonen

Fiskeridirektoratet

Søknadsfrist

2 juristar til tilsyns- og kontrolldivisjonen

Om seksjonen

Vi søkjer etter to engasjerte juristar til seksjon reaksjonar i tilsyns- og kontrolldivisjonen. For dei som vert tilsett er det mogleg å avtale arbeidsstad på ein av følgjande plassar: Vadsø, Tromsø, Bodø, Ålesund, Måløy, Bergen eller Egersund.

Oppgåvene i Fiskeridirektoratet løyser vi funksjonsbasert, og medarbeidarane på seksjon reaksjonar er plassert på ulike kontor frå Vadsø i nord til Egersund i sør. Seksjonen har ansvar for å fatte vedtak i første instans ut i frå tilsyn og kontroller utført av våre operative seksjonar, samt å anmelde meir alvorlege lovbrot.

Kva går jobben ut på?

Oppgåvene inneber i stor grad å vurdere reaksjonar på brot på den lovgjevinga vi forvaltar innanfor akvakultur og fiskeri. Til stillinga vil det også ligge oppgåver som krev kontakt med politi/påtale og partane i næringa, samt utarbeide svar på høyringar ved utvikling av regelverket. Oppgåvene vil i utgangspunktet vere knytt opp mot havbruksnæringa, men det er forventa at du også deltar aktivt inn i oppgåver knytt til dei andre fagfelta på seksjonen.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
  • Relevant erfaring frå offentleg forvaltning, påtalemynde eller liknande vert vektlagt
  • Kjennskap til akvakultur eller fiskeri er ein fordel
  • Du må minimum beherske norsk og engelsk godt

Nyutdanna kandidatar vert oppfordra til å søkje.

Kva ser vi etter hos deg?

  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne 
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Evne til å vere strukturert og løysingsorientert
  • Evne til å raskt sette deg inn i nye problemstillingar
  • Du er utadvendt og tillitsvekkande
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivst med høgt tempo

Kvifor skal du velgje oss?

Er du oppteken av berekraft og miljø vil du trivast hos oss. Vi har eit spennande samfunnsoppdrag som skal sikre framtida for våre fellesressursar i havet. Dette er eit viktig oppdrag for fellesskapet og vi har stor tillit hos befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde og gode høve for å planlegge eigen arbeidskvardag.

Vi kan tilby gode arbeidsordningar slik at du får ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid, med mellom anna fleksibel arbeidstid, betalt overtid, sommartid og høve til å trene i arbeidstida.  Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om boliglån med gunstige vilkår.

Vi veit at mange er oppteken av hybride og fleksible arbeidsdagar med høve til å veksle mellom å jobbe heimanfrå og å møtast på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor i inntil to dagar i veka.

Du vert tilsett som rådgjevar/seniorrådgjevar med løn frå kr. 550 000 - kr. 775 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. 

Har du spørsmål om stillinga?

Då kan du kontakte konstituert seksjonssjef Gudrun Egge på telefon 414 17 614 eller e-post gudrun.egge@fiskeridir.no. 

Om Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø.

Vi samarbeider nært med forskingsinstitusjonar, næring og offentlege styresmakter nasjonalt og internasjonalt. Fiskeridirektoratet har om lag 450 årsverk fordelt på 19 plassar langs heile kysten.

Fiskeridirektoratet er oppteken av mangfald og ønskjer å være ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi treg medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, kompetanse og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag.

Alle kvalifiserte kandidatar vert difor oppmoda om å søkje. Om det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Dette kan du lese meir om på arbeidsgjevarportalen.

Fiskeridirektoratet nyttar Semac bakgrunnssjekk i sine rekrutteringsprosessar. Bakgrunnssjekk vert ikkje gjennomført utan samtykke frå søkjar, og aktuelle søkjarar vil få nærmare informasjon om dette.Søk stillinga

Søknadsfrist: 26. april 2023

Arbeidsgivar: Fiskeridirektoratet

Kommune: Bergen Bodø Eigersund Kinn Tromsø - Romsa Vadsø Ålesund

Omfang: Heiltid

Varigheit: Fast

Arbeidsstad: Avtale om arbeidsstad ihht utlysing

SØK HER