Statsadvokatar
Økokrim
Søknadsfrist
Om stillinga
Vi treng statsadvokatar til å handtere saker innanfor økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet.
Straffesaksarbeidet skjer i tverrfaglege prosjekt med juristar og etterforskarar som har politi-, økonomi-, miljø- og datafagleg bakgrunn.
Vi er på jakt etter deg som
-
er samfunnsinteressert og følgjer med i nyheitsbiletet
-
ønskjer å kome til botns i kompliserte saksforhold
-
kan handtere og analysere store informasjonsmengder
-
kan skilje det viktige frå det uviktige og ser det enkle i det komplekse
-
er interessert i å setje deg inn i nye saksområde
-
likar å jobbe tett med andre profesjonar
-
viser initiativ
-
ikkje let deg skremme av nye utfordringar og er uthaldande
Søknadsfrist: 31.01.2022
Arbeidsoppgåver
- leie etterforsking av straffesaker
- påtaleavgjere og føre eigne straffesaker i retten i alle instansar
- kan få ansvar for prosjekt utanom straffesak
- videreutvikle Økokrims rolle som høyrings,- bistands- og rådgjevingsorgan
- bidra til å styrke og videreutvikle kompetansen på økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet i politidistrikta og ved dei regionale statsadvokatembeta
- drive undervisnings- og foredragsarbeid
- kan få funksjon som personalleiar med personalansvar
Stillingstittel: Statsadvokatar
Heltid / Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast stilling
Stillingsprosent: 100%
Kvalifikasjonar
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
- normalt 8 år relevant yrkeserfaring
- særs gode juridiske kunnskapar
- erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
- særs gode IT-ferdigheiter
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- høy integritet og evne og vilje til nært tverrfagleg samarbeid
- initiativrik og endringsvillig
- særs gode relasjonelle evner og kunne skape resultat i samhandling med andre
- oppteken av å utvikle eigen og andre sin kompetanse
- særs god arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre planer og oppnå resultat
- særs gode analytiske evner
Vi tilbyr
- interessant arbeid med samfunnsrelevante økonomiske straffesaker
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidere
- utfordrande arbeidsoppgåver
- samarbeid med myndigheiter i inn- og utland
- tverrfagleg teamarbeid
- sterke fagmiljø
- gode høve til fagleg og personleg utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid
- trening i arbeidstida
- løn som statsadvokat (SKO 0253), kr 1 150 00
C. J. Hambros plass 2C, 0164 Oslo, Norge
Petter Nordeng
Leder juridisk avdeling
Tlf: 23291027