Seniorrådgjevar - jurist
Vestland fylkeskommune, HR-seksjonen
Søknadsfrist
Rådgjevarstillinga er lagt til staben til HR-direktøren. Du rapporterer til direktøren og blir ein del av ei gruppe på åtte rådgjevarar. Vi ønskjer spesielt å styrke oss innan arbeidsrett, men du vil få stor breidde i det faglege arbeidet.
HR-seksjonen er ein del av avdeling organisasjon og økonomi i Vestland fylkeskommune. Seksjonen er leia av HR-direktør og består av ein stab, samt faggruppene "løn" og "hms- og kvalitetsstyring" .
Rådgjevarstillinga er lagt til staben til HR-direktøren. Du rapporterer til direktøren og blir ein del av ei gruppe på åtte rådgjevarar. Vi ønskjer spesielt å styrke oss innan arbeidsrett, men du vil få stor breidde i det faglege arbeidet.
Hos oss kjem du til ein av vestlandets største arbeidsplassar. Som medarbeidar i faggruppa arbeider vi saman innan ei rekke ulike område der vidaregåande skular, tannhelse og samferdsel er dei største sektorane. Vi utfører personalarbeid på ein inkluderande måte og søkjer å finne gode løysingar for alle partar. Det nye storfylket Vestland gir store moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad innan HR-feltet.
Du må kunne identifisere deg med våre kjerneverdiar som er kompetent, open og modig.

Arbeidsoppgåver
- Du skal vere ein ressursperson som bidrar med juridisk kompetanse innan heile HR-feltet.
- Rådgjeving og saksbehandling i personalsaker og tilsetjingssaker.
- Støtte leiarar ved omstilling og organisasjonsendring.
- Gi informasjon og opplæring til leiarar og tilsette i fylkeskommunen.
- Utarbeide system, regelverk og prosedyrer innan HR-området med særskilt fokus på arbeidsrett.
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitenskap, med erfaring innan arbeidsrett.
- God fagleg kunnskap om HR-feltet og god kjennskap til lov- og avtaleverket generelt.
- Allsidig arbeidserfaring frå HR-feltet.
- God kunnskap om offentleg sektor vil vere ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God skriftleg framstillingsevne
- Høg arbeidskapasitet
- Initiativrik
- Evne til å finne gode praktiske løysingar
Vi tilbyr
- Eit triveleg og engasjert arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Andre opplysningar
- Som seniorrådgjevar er det eit vilkår at du har lang arbeidserfaring. Søkjarar med kortare arbeidserfaring vil og bli vurdert, då vil tittelen vere rådgjevar eller spesialrådgjevar.
- Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
- Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.