Er du jurist og ønskjer å bli del av Noregs største immaterialrettsmiljø?
Patentavdelinga har ca. 100 tilsette, og Patentjuridisk er ein av fleire seksjonar i avdelinga. Seksjonen består av fire tilsette, inkludert seksjonssjef.
Arbeidsoppgåver
Som jurist i Patentavdelinga skal du hjelpe kundar og Patentstyret sine saksbehandlarar i juridiske spørsmål. Du vil arbeide med patentrett, forvaltningsrett og arbeidstakaroppfinningar, og vere innom opphavsrett og andre tilgrensande rettsområde. Du vil greie ut og løyse små og store juridiske problem, ta avgjerder knytte til Patentstyret sin praksis, halde opplæring og føredrag internt og eksternt, samt utføre noko saksbehandling.
I tillegg får du høve til å bidra i samband med endringar i lovar og forskrifter, og får sjanse til å delta i internasjonalt arbeid. Du kjem til å samarbeide tett med kollegaene i seksjonen din, andre juridiske fagmiljø og profesjonar internt, blant anna med teknologar og saksbehandlarar i Patentavdelinga.
Kvalifikasjonar
Du må ha juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap. Det er ein fordel om du har god kjennskap til immaterielle rettar og forvaltningsrett, og du må vere god i norsk og engelsk (skriftleg og munnleg). Relevant arbeidserfaring er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg med gode samarbeidsevner som synest immaterielle rettar både er eit spennande og viktig område.
- Vi søkjer deg som er engasjert, motivert og liker å ta avgjerder. Du må gjerne ha interesse for korleis digitale løysingar kan gjere saksbehandlinga meir effektiv.
- Ambisjonen vår er å kome enda tettare på kundane. Vi søkjer deg som er løysingsorientert, har gode kommunikasjonsevner og som vil bidra til enda betre kundeopplevingar. Du må vere fleksibel og kunne gjere arbeidsoppgåver der behovet er størst.
- Vi søkjer deg som har ambisjonar, både på Patentstyrets og eigne vegner og som opptrer kompetent, etterrettelig og har høg integritet.
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø som verdset mangfald
- ein variert og fleksibel arbeidskvardag i ein velfungerande og framtidsretta organisasjon
- gode høve til fagleg og personleg vekst i eit sterkt kompetansemiljø
- moglegheit til å påverke og ta ansvar
- fleksibel arbeidstidsordning og sommartid
- moglegheit for heimekontor
- god pensjonsordning med moglegheit for lån i Statens Pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Stillinga er lønt som rådgjevar med løn frå kr 475 000 til kr 580 000 eller som seniorrådgjevar med løn frå kr 524 000 til kr 746 000.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla, må søkjaren oppfylle nokre krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i cv-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkjarportalen dannar grunnlaget for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder skal ha med i årsrapportane sine.
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov.
Offentleg søkjarliste
Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.
Bakgrunnssjekk
Patentstyret gjer ein bakgrunnssjekk av aktuelle søkjarar for å verifisere opplysningar i CV og annan tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir gjennomført av Semac etter samtykke frå søkjaren. Dei aktuelle kandidatane vil få nærare informasjon om dette.
Kontaktinformasjon: Seksjonssjef Ingrid Mauritzen - 22 38 74 90