Rådgjevar/ seniorrådgjevar

LOGO Lotteri
Søknadsfrist: 
13.02.2019

Stiftelsestilsynet sitt samfunnsoppdrag er å skape tryggleik og tillit til stiftelsesforma. Dette gjer vi gjennom å godkjenne endringar i vedtekter, føre tilsyn med stiftelsar og informere brukarane våre og samfunnet elles. Avdelinga har 15 tilsette. 

Rådgjevar/ seniorrådgjevar

Lotteri- og stiftelsestilsynet, Førde

Stiftelsestilsynet jobbar med eit rettsområde i utvikling og søkjer no etter to nye medarbeidarar som er samfunnsengasjerte og har lyst til å vere med på å drive fram moderne tilsynsarbeid.  Vi ønskjer å vere i front i utviklinga av risikobaserte og innovative tilsyn som gir meirverdi for brukarane.  Sakshandsaming og tilsyn med stiftelsar er kjerneoppgåver ved avdelinga, men i tilsynsverksemd er det stadig viktigare med aktiv utvikling og formidling av kunnskap til stiftelsar og samfunnet elles. Vi vil no gjerne ha nye juristkollegaer som også har erfaring frå, eller interesse for, kommunikasjonsarbeid, og/eller erfaring frå analyse- og statistikkarbeid. Du må like å arbeide i team samstundes som du kan arbeide sjølvstendig med saker.  

Vil du vere med på laget?

Arbeidsoppgåver

  • rettleiing og sakshandsaming
  • tilsyn etter stiftelseslova 
  • vere med å utvikle arbeidsområdet saman med kollegaer 

Ved behov må du også rekne med å jobbe med andre oppgåver i tilsynet.

Kvalifikasjonar :

  • juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap 
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne 
  • ønska erfaring frå endringsleiing, forbetringsarbeid, prosjektarbeid eller liknande  
  • fordel med erfaring frå kommunikasjonarbeid 
  • fordel med erfaring frå selskapsrett

Personlege eigenskapar

  • strukturert og analytisk
  • arbeide både sjølvstendig og i grupper 
  • gode kommunikasjonsevner 
  • fleksibel og serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn 
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde 
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag 
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring 
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår 
  • fleksibel arbeidstid og betalt overtid  moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine 
  • IA-bedrift 
  • lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet.

Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har seks månaders prøvetid. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.

SØK HER !

Vennligst oppgi i søknaden hvor du oppdaget denne stillingen

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

LOGO Oslo Met
OsloMet Divisjon forskning og utvikling
Søknadsfrist: 
21.08.2019
LOGO Stavanger kommune
Stavanger kommune, Strategi og styring: Innkjøp
Søknadsfrist: 
25.08.2019
LOGO Sjøfartsdir
Sjøfartsdirektoratet, Haugesund
Søknadsfrist: 
25.08.2019
LOGO Tr heim kommune
Trondheim kommune, Enhet for service og internkontroll
Søknadsfrist: 
25.08.2019
LOGO Skatteetaten
Skatteetaten, Trondheim
Søknadsfrist: 
26.08.2019
LOGO Bufetat
Bufetat, Lillestrøm
Søknadsfrist: 
31.08.2019
LOGO Sjøfartsdirektoratet
Sjøfartsdirektoratet, Bergen
Søknadsfrist: 
05.09.2019
LOGO Eurojuris
Frøstrup Løitegaard DA
Søknadsfrist: 
08.09.2019
LOGO NSOF
Norsk Sjøoffisersforbund, Oslo
Søknadsfrist: 
10.09.2019
LOGO Sivilombudsmannen
Stortinget
Søknadsfrist: 
01.10.2019