Rådgivar - miljøjurist

Statsforvalteren i Rogaland

Søknadsfrist

Miljøvernavdelinga har ledig ei ny fast stilling som rådgivar - jurist.

Om stillinga

Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren er regional statleg miljøvernmynde og arbeider for gjennomføring av nasjonal miljøvernpolitikk i Rogaland. Vi arbeider med naturvern, naturforvaltning, forureining, uttalar til energilovsaker og regionale og kommunale planar etter plan og bygningslova. Avdelinga har 30  tilsette er organisert i to seksjonar ; Naturseksjonen og Forureiningsseksjonen.

Arbeidsoppgåver

Aktuelle arbeidsoppgåver er

  • klima- og miljøjuridisk intern fagstøtte i alle typar miljøvernsaker inkl. støtte innan offentleg kjøp av tenester, avtale- og eigedomsrett  
  • sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova
  • klagesaker etter forureiningslova, naturmangfaldlova, vassdragslovverk, viltlova, motorferdselslova, friluftslova, mfl.
  • miljøkriminalitetssaker
  • saker innan naturvern og anna miljøvern som me er involvert i som går i domstolane, til dømes miljøkriminalitet, erstatningsskjønn ved naturvern og jordskiftesaker

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer etter ein dyktig jurist med interesse for miljøvern og offentleg forvaltning som

  • har juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap med fordjuping innan miljørelevante juridiske emne, jus eller jordskiftefag
  • har erfaring med arbeid etter plan og bygningslova, forureiningslova, naturmangfaldlova, vassdragslovverk, anna naturrelevant lovverk
  • er fleksibel, systematisk og initiativrik
  • arbeider godt så vel åleine som i lag med andre
  • er løysningsorientert og har god relasjonell kompetanse
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer
  • har interesse for og innsikt i bruk av kart

Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar, kr 550 000 - kr 640 000 i pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan
    høgare lønnsplassering/stillingsplassering vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • varierte, interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • samarbeid om god oppgåveløysing med høgt kompetente medarbeidarar i avdelinga og i embetet
  • hjem - jobb - hjem ordning

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av nytilsetjingar i staten skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.

Spørsmål om stillinga

Du får nærare opplysningar hos fylkesmiljøvernsjef May Britt Jensen, mobil 469 34 768.

Om Statsforvaltaren i Rogaland

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.

Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.

 

SØK HER!