Rådgivar - jurist

Utdanningsavdelinga

Søknadsfrist
 
Om stillinga
Er du opptatt av oppvekstvilkåra til barn og unge? Ser du kor viktig god opplæring er for å få eit godt liv? Er du interessert i korleis vi klarer å integrere nykomne flyktningar i kommunane? Har du evne til å sjå samanhengar i velferdslovgivinga? Då kan ei stilling som jurist i utdanningsavdelinga hos Statsforvaltaren i Rogaland vera noko for deg.
Det er opplæringslova, friskolelova, barnehagelova og integreringslova som er avdelinga sine faglover, men arbeidet krev at vi ser desse i samanheng med forvaltningslova, offentleglova, barnelova, barnevernlova, delar av helselovgivinga og barnekonvensjonen. Avdelinga har ansvar for statlege oppgåver knytte til barnehage, grunnopplæring, vaksenopplæring og introduksjonsordninga for nykomne innvandrar. Juristane i avdelinga er viktige støttespelarar og diskusjonspartar i dei fleste sakene våre. Avdelinga har for tida 20 tilsette med variert fagleg bakgrunn, høg kompetanse, godt humør og stor arbeidskapasitet.
Vi har ledig ei fast stilling som rådgivar, med tiltreding så raskt som mogleg.
Søknadsfrist: 5. april 2022

 

Arbeidsoppgåver

  • føre tilsyn med kommunane og fylkeskommunen
  • behandle klagesaker
  • gi informasjon og rettleiing til kommunane/fylkeskommunen, leiarar i barnehage, skole og NAV, PPT og publikum

Kvalifikasjonskrav

Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som

  • har master i rettsvitskap
  • har god innsikt i forvaltningssystemet
  • har erfaring frå arbeid med fagfelta våre
  • ønsker å arbeide for barn, unge og vaksne sine rettar til god og likeverdig utdanning
  • er fleksibel, initiativrik, effektiv og systematisk
  • ønsker å arbeide breitt – og har interesse for å lære og vidareutvikle kompetansen sin
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg
  • har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse

Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar kr 550 000 – 640 000 i Statens lønnsregulativ, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn/stillingsplassering vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og  moglegheit for bustadlån i Statens pensjonskasse (det blir trekt 2 % pensjonsinnskot frå lønna)
  • nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
  • varierte, interessante og krevjande oppgåver som betyr mykje for barn og unge
  • samarbeid om god oppgåveløysing med høgt kompetente medarbeidar i avdelinga, i embetet og i Utdanningsdirektoratet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
  • HjemJobbHjem-ordning

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Spørsmål om stillinga

Du får nærare opplysningar hos utdanningsdirektør Marianne Skogerbø, tlf. 51 56 87 88/991 56 049, eller hos assisterande direktør Hallgeir Bø, tlf. 51 56 87 33/922 87 260.

Om Statsforvaltaren i Rogaland

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.

Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 200 tilsette.

Søknadsfrist: 5. april 2022

Arbeidsgivar: Statsforvalteren i Rogaland

Kommune: Stavanger

Omfang: Heiltid

Varigheit: Fast

Arbeidsstad: Lagårdsveien 44, Stavanger

SØK NÅ