Rådgivar - jurist

LOGO Statsforvalteren i Rogaland
Søknadsfrist: 
07.03.2021

Statsforvaltaren si helse-, sosial- og barnevernsavdeling har til oppgåve å behandle enkeltsaker og utføre tilsyn med kommunar, føretak og institusjonar. Avdelinga skal gi råd og rettleiing, drive utviklingsarbeid og opplæring samt gjennomføre nasjonale mål. Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ledig ei ny fast stilling som rådgivar - jurist. 

 

Rådgivar - jurist

Statsforvalteren i Rogaland

Arbeidsoppgåver

Ein av Statsforvaltaren sine viktigaste oppgåver er ivaretaking av rettstryggleik for innbyggarane.

Den faste stillinga er knytt til klagesaksbehandling og tilsynsoppgåver innanfor alle avdelinga sine arbeidsområde. Rådgiving, rettleiing og opplæring retta mot kommunar og verksemder inngår i arbeidsoppgåvene.

Stillinga er tillagt varierte, interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i et tverrfagleg miljø med mellom anna juristar, leger, sjukepleiarar, barnevernpedagogar og sosionomar, og i nær kontakt med alle nivå innan tenester og forvaltning.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer ein god jurist som likar å finne løysingar som 

  • har juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • harerfaring frå helse- eller sosialjuridisk arbeid eller tilleggskompetanse innan helse- og sosialfag 
  • er fleksibel, initiativrik, løsningsdyktig og systematisk 
  • arbeider godt så vel åleine som i lag med andre
  • uttrykkjer seg klart skriftleg og munnleg, på begge målformer

Vi tilbyr

  • lønn som rådgivar, kr 550 000 - 640 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering vurderast
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning, gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • varierte, interessante og krevjande arbeidsoppgåver
  • nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
  • triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus
  • hjem - jobb - hjem ordning

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Statsforvaltaren har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.

Spørsmål om stillingane

Du får nærare opplysningar hos ass. direktør Marit Bergeland, tlf. 51 56 87 79, e-post fmrombe@statsforvaltere.no

Om Statsforvaltaren i Rogaland

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter.

Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 190 tilsette.

Søk her!

 

 

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

Arbeids- og sosialdepartementet
Søknadsfrist: 
16.05.2021
Arbeids- og sosialdepartementet
Søknadsfrist: 
21.05.2021
FORSKERFORBUNDET
Søknadsfrist: 
21.05.2021
Ringerike, Asker og Bærum tingrett
Søknadsfrist: 
30.05.2021
Plan, næring og utvikling, Drangedal kommune
Søknadsfrist: 
30.05.2021
Justervesenet
Søknadsfrist: 
30.05.2021
NOREGS HØGSTERETT
Søknadsfrist: 
01.06.2021
Skatteetaten
Søknadsfrist: 
03.06.2021
EFTA Surveillance Authority (ESA)
Søknadsfrist: 
06.06.2021