Rådgivar - jurist

Fylkesmannen i Rogaland

Søknadsfrist

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga har ledig fast stilling som rådgivar. Hovudoppgåve er klagesaksbehandling etter plan- og bygningslova.

Om stillinga

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga arbeidar med saker etter plan- og bygningslova, kommunelova, offentleglova, ekteskapslova, rettshjelpslova, lov om kommunal beredskapsplikt og verjemålslova. Mykje av arbeidet er knytt til rettleiing, tilsyn og klagebehandling.

 

Arbeidsoppgåver

Hovudinnhaldet i stillinga vil vere arbeid med klagesaker etter plan- og bygningslova. Ansvarsområde og oppgåver vil vere saksbehandling, råd og rettleiing av kommunar og enkeltpersonar. Det vil og vere aktuelt med oppgåver innan eit eller fleire av dei andre saksfelta i avdelinga.

 

Kvalifikasjonskrav

Me søkjer etter ein dyktig jurist med interesse for offentleg forvaltning som

  • har juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap
  • har erfaring frå tilsvarande arbeid
  • er fleksibel, initiativrik, løysningsdyktig og systematisk
  • arbeider godt så vel åleine som i lag med andre
  • klart og godt språk både munnleg og skriftleg
  • kan nytte begge målformer

Vi tilbyr

  • varierte, interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • god oppfølging og arbeid i ei avdeling med høg kompetanse
  • lønn som rådgivar, kr 470 000 - 620 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønnsplassering/stillingsplassering som seniorrådgivar vurderast.
  • fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna)
  • eit triveleg arbeidsfellesskap

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Spørsmål om stillinga

Du får nærare opplysningar om stillinga hos avdelingsdirektør Lone Merethe Solheim, tlf. 51568768, mobil 908 05 289 eller assisterande avdelingsdirektør Jan Petter Stangeland, tlf. 51568855, mobil 452 34 036

 

Om Fylkesmannen

Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og

bedrifter. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statleg verksemd i fylket og har mellom anna oppgåver innafor fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca 170 tilsette.

 

SØK HER !