Protokollsekretær i Høgsterett (vikariat)

NORGES HØYESTERETT

Søknadsfrist

Om stillinga

Vikariatet varer frå 1. januar 2022, eller snarast mogleg etter dette tidspunktet, og fram til 14. juli 2023.
Protokollsekretærane arbeider for dommarane i Høgsterett i samband med rettsforhandlingane i Høgsterett. De er med under rettsforhandlingane og har eit sjølvstendig ansvar for den praktiske gjennomføringa forhandlingane. Protokollsekretærane er kontaktperson for prosessfullmektigane og publikum under ankeforhandlingane. Dei er også til stades under de lukka rådslagingane. Ei hovudoppgåve for protokollsekretærane er å lese verbalkorrektur og realkorrektur på Høgsteretts avgjerder i tett samarbeid med rettsformannen, førstvoterande og utgreiaren på saka. Protokollsekretærane har også kontrolloppgåver i samband med rettsformannens fastsetjing av salær. Arbeidet gir god innsikt i verksemda i Høgsterett og sakene i Høgsterett.
Stillinga som protokollsekretær krev god juridisk embetseksamen (cand.jur. eller master i rettsvitskap). Det vil bli lagt særleg vekt på at ein er personleg eigna, evne til å vere grundig og nøyaktig, god rettskriving og gode språkferdigheiter, evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, og dessutan på gode samarbeidsevner og god serviceinnstilling. Gode engelskkunnskapar er ein fordel. Nyutdanna juristar kan også søkje.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan få tryggingsklarering for «Strengt hemmeleg».  
 

Søknadsfrist: 7. november 2021

 

Om oss

Høgsterett er den øvste domstolen i landet og er ein prejudikatsdomstol. Høgsterett har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling innanfor dei rammene som følgjer av Grunnlov og lov. 

Høgsterett blir leia av høgsterettsjustitiarius, og har i tillegg 19 høgsterettsdommarar og eit embete som direktør. Høgsterett har av eit juridisk støtteapparat med ein leiar, to nestleiarar, 21 utgreiarar og to protokollsekretærar.

Løn

Stillinga som protokollsekretær blir ved tiltredinga lønt frå kroner 460 000 til kroner 650 000 per år, alt etter kvalifikasjonar. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten. Det kan i periodar bli noko overtid. Tilsetjing skjer elles på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for tilsette i staten.

Slik søkjer du

Vi ser inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi legg til rette for medarbeidarar som treng det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkjar i desse gruppene, det vil seie for å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane fylle visse krav. Les meir om krava i Arbeidsgiverportalen.

Vi oppmodar søkjarar om å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbportalen vil bli brukt som grunnlag for anonymisert statistikk som blir utarbeidd på grunnlag av opplysningar som alle statlege verksemder rapporterer inn.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Ta kontakt med utgreiingsleiar Birthe Aspehaug Buset eller nestleiar Knut A. Aastebøl på telefon 22 03 59 00 for nærare opplysningar om stillinga.

 

SØK HER