Politiadvokat

Økokrim, Skatteteamet (Oslo)

Søknadsfrist

Vi treng ein politiadvokat til Skatteteamet. Politiadvokatane i ØKOKRIM tek del i etterforskinga av sakene og fører dei for retten. Straffesaksarbeidet skjer i tverrfaglege team med juristar og etterforskarar med politifagleg eller økonomisk bakgrunn. 

Vi er på jakt etter deg som

  • er samfunnsinteressert og følgjer med i nyheitsbiletet
  • ønskjer å koma til botn i kompliserte sakshøve
  • kan handtera og analysera mykje informasjon
  • kan skilja det viktige frå det uviktige og ser det enkle i det komplekse
  • er interessert i å setje deg inn i nye saksområde
  • trivst med å arbeide tett med andre profesjonar
  • viser initiativ
  • ikkje let deg skremma av nye utfordringar og er uthaldande

Arbeidsoppgåver

  • planleggje, organisere, etterforske og påtale straffesaker
  • aktorere saker for tingrett og lagmannsrett
  • drive opplæring internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
  • normalt 5–8 år relevant yrkeserfaring
  • særs gode juridiske kunnskapar
  • erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel. Vi legg òg vekt på anna relevant arbeidserfaring og/eller annan relevant kompetanse
  • særs gode IT-ferdigheiter
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • evne og vilje til nært tverrfagleg samarbeid
  • oppteken av å utvikle eigen og andre sin kompetanse
  • særs god arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre planer og oppnå resultat
  • særs gode analytiske evner
  • initiativrik og endringsvillig

Vi tilbyr

  • interessant arbeid med samfunnsrelevante økonomiske straffesaker
  • tverrfagleg teamarbeid
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • sterke fagmiljø
  • samarbeid med myndigheiter i inn- og utland
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • god pensjonsordning med medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
  • løn som politiadvokat (stillingskode 1245), kr 667 200–765 100
  • i tillegg får politiadvokatar i ØKOKRIM eit mellombels tillegg for unnatak frå arbeidsmiljølova

Kontaktinformasjon

  • Førstestatsadvokat Marianne Steensen Bender
  • 902 04 300

SØK HER!