Personvernombud

LOGO IKA Møre og Romsdal
Søknadsfrist: 
04.08.2019

IKA Møre og Romsdal leverer tenesta personvernombod for 27 kommunar og Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi søker etter ein person som saman med prosjektleiar skal ha rolla som personvernombod i kommunane som deltek i prosjektet. Prosjektet går til 31.12.2020 med moglegheit for fast stilling etter prosjektperioden.

Personvernombud

IKA Møre og Romsdal, Ålesund

Oppgåver og ansvar

Hovudoppgåva er å bidra til at personvern får nødvendig prioritet og bidra til at deltakande kommunar og fylkeskommunen etterlever personvernlovgjevinga. 

Personvernombodet skal blant anna:

  • informere og gi råd i spørsmål om behandling av personopplysningar og personvernspørsmål.
  • saman med kommunane og fylkeskommunen skal personvernombodet kontrollere etterlevinga av EU si personvernforordning og ny personvernlovgjeving.
  • vere kontaktpunkt for kommunane og fylkeskommunen overfor Datatilsynet.

Krav til kompetanse

Vi ønsker søkjarar med høgare utdanning innanfor relevante fag (til døme juridiske fag eller IKT). Kunnskap om personvernlovgjeving og informasjonstryggleik er det sentrale. Nyutdanna vert oppfordra til å søkje.

Personvernombodet skal:

  • ha god kunnskap om kommunal sektor, kommunal saksbehandling, IT-system, informasjonssikkerheit og personvern
  • ha høg integritet og god rolleforståing
  • halde seg oppdatert på utviklinga innan personvern
  • kunne utføre oppgåvene sine på ein uavhengig måte
  • ha gode samarbeids-, kommunikasjons-, og formidlingsevner

Det blir stilt krav til gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar blir vektlagt. 
Reiseverksemd til deltakarkommunane må påreknast.

Vi tilbyr

  • Utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø.
  • Utvikling for kvar medarbeidar.
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP).
  • Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 36 kommunar i fylket samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbaserte og digitale arkiv for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv og dokumenthandtering. Dei fylkeskommunale institusjonane Kulturnett, FylkesFOTOarkivet og Fylkessenter for digitalisering av kulturarven er lagt til IKA Møre og Romsdal. Vi har i dag 18 tilsette. Selskapet har kontor i sentrum av Ålesund.

SØK HER!

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

LOG NLF
Norges Lastebileier-Forbund, NLF
Søknadsfrist: 
20.09.2019
LOGO PST
Politiets Sikkerhetstjeneste
Søknadsfrist: 
22.09.2019
LOGO Tolletaten
Tolletaten, Oslo
Søknadsfrist: 
23.09.2019
LOGO Asker og Bærum tingrett
Asker og Bærum tingrett
Søknadsfrist: 
25.09.2019
LOGO Sykehusinnkjøp
Hovedkontor, Sykehusinnkjøp HF, Vadsø
Søknadsfrist: 
29.09.2019
LOGO Sivilombudsmannen
Stortinget
Søknadsfrist: 
01.10.2019
LOGO Arendalsadvokatene
Arendalsadvokatene AS
Søknadsfrist: 
01.10.2019
LOGO Space Norway
Space Norway
Søknadsfrist: 
06.10.2019
LOGO NTNU
NTNU, Trondheim
Søknadsfrist: 
11.10.2019