Personvernombod Vikariat
Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal IKS
Vikariat som personvernombod ved IKA Møre Romsdal IKS Ålesund. Vikariatet går fram til 30.09.2021.
IKA Møre og Romsdal leverer tenesta personvernombod for 19 kommunar og Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi søker etter ein person som skal inneha rolla som personvernombod i fylkeskommunen og kommunane som deltek i prosjektet.
Arbeidsoppgåver:
-
Hovudoppgåva er å bidra til at personvern får nødvendig prioritet og bidra til at deltakande kommunar og fylkeskommunen etterlever personvernlovgjevinga.
Personvernombodet skal blant anna:
-
Informere og gje råd i spørsmål om behandling av personopplysningar og personvernspørsmål.
-
Saman med kommunane og fylkeskommunen kontrollere etterlevinga av EU si personvernforordning og ny personvernlovgjeving.
-
Vere kontaktpunkt for kommunane og fylkeskommunen overfor Datatilsynet, samt vere kontaktpunkt for dei registrerte i spørsmål som rører ved personvernet deira.
Kvalifikasjonar
- Vi ønsker søkarar med høgare utdanning innanfor relevante fag, især juridiske fag eller IKT.
- Søkaren bør ha god kunnskap om personvernlovgjevinga óg kjennskap til informasjonstryggleik. Nyutdanna er velkommen til å søke.
Personvernombodet skal:
- ha god kunnskap om kommunal sektor og kommunal saksbehandling.
- ha høg integritet og god rolleforståing
- halde seg oppdatert på utviklinga innan personvern
- kunne utføre oppgåvene sine på ein uavhengig måte
- ha gode samarbeids-, kommunikasjons-, og formidlingsevner
- det blir stilt krav til gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
- under normale omstende, må det påreknast reiseverksemd til deltakarkommunane, samt må det påreknast reiseverksemd i forbindelse med kompetansehevande kurs og opplæring.
- personvern er det sentrale, men stillinga krev og forståing av informasjonssikkerheit og IT-system.
Vi tilbyr
- utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande arbeidsmiljø.
- utvikling for kvar medarbeidar.
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP).
- løn etter avtale.
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit interkommunalt selskap eigd av 27 kommunar samt Møre og Romsdal fylkeskommune. IKA Møre og Romsdal forvaltar papirbaserte og digitale arkiv for eigarane. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv og dokumenthandtering. Dei fylkeskommunale institusjonane Kulturnett, FylkesFOTOarkivet og Fylkessenter for digitalisering av kulturarven er lagt til IKA Møre og Romsdal. Vi har i dag 20 tilsette. Selskapet har kontor i sentrum av Ålesund.