Nestleiar i juridisk utgreiingseining

Noregs Høgsterett

Søknadsfrist

Høgsterett er den øvste domstolen i landet og har som hovudoppgåve å arbeide for rettsavklaring og rettsutvikling. Høgsterett blir leia av justitiarius. I tillegg har domstolen 19 dommarembete, eit embete som direktør, ein assisterande direktør, 25 andre juriststillingar og 22 stillingar innan administrasjon og saksbehandling. Det juridiske og administrative støtteapparatet i Høgsterett blir leia av direktøren. Høgsterett held til i Høgsteretts Hus i Oslo.

Om stillinga

I juridisk utgreiingseining er det ledig stilling som nestleiar.

I den juridiske utgreiingseininga er det ein leiar, to nestleiarar, 20 utgreiarar og to protokollsekretærar. Utgreiingseininga arbeider både for Høgsteretts ankeutval og for avdelingane i Høgsterett, med utgreiing av prosessuelle og materielle spørsmål i saker frå alle rettsområde. Utgreiingseininga har også andre arbeidsoppgåver, både for justitiarius, dommarane og direktøren.

Nestleiaren vil ha både administrative oppgåver og utgreiingsarbeid. Arbeidet byr på varierte, krevjande og spennande utfordringar både fagleg og administrativt. Stillinga krev svært gode juridiske kvalifikasjonar og svært gode leiareigenskapar. Ein vil leggje stor vekt på breidda i faglege erfaringar, på evne til å arbeide grundig og effektivt, på leiareigenskapar og på evne til samarbeid. Gode språkkunnskapar og erfaring frå domstolane er ei føremon.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, kan bli sikkerheitsklarert.

Stillinga som nestleiar er lønna frå 785 000 kroner til 1 175 000 kroner pr. år, alt etter kvalifikasjonar. Ein svært godt kvalifisert person kan rekne med å bli plassert tilsvarande stilling som tingrettsdommar.

Det er eit personalpolitisk mål at medarbeidarane skal spegle av folkesetnadsmønsteret generelt – også med omsyn til kjønn og kulturelt mangfald.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Ein kan få nærare opplysingar om stillinga ved å kontakte utgreiingsleiar Birthe Aspehaug Buset og nestleiar Knut André Aastebøl på telefon 22 03 59 00.

 

SØK HER !

 

Fint om du opplyser at du fant den ledige stillingen her!