Leiar for personal- og organisasjonsseksjonen (Avd direktør)

Kulturdepartementet

Søknadsfrist

Departementet har høgt kompetente og engasjerte medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø. Vi søkjer no etter ein ny leiar for personal- og organisasjonsseksjonen som skal medverke til at departementet fortsatt er ein attraktiv og utviklande arbeidsplass.

Seksjonen har ansvar for rekruttering, personal- og lønnsforvaltinga i departementet og eit særskilt ansvar for leiar-, kompetanse- og organisasjonsutvikling. I tillegg legg seksjonen til rette for samarbeidet mellom dei tilsette og arbeidsgjevar om viktige avgjerder og ivaretaking av arbeidsmiljøet. Drift og utvikling av verktøy for styring av verksemda og interninformasjon (intranett) i departementet ligg òg til denne seksjonen. Seksjonen gir dessutan råd og rettleiing til underliggande verksemder innan fagområdet til seksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • leie og følgje opp langsiktige og kortsiktige oppgåver i seksjonen og personalansvaret for dei tilsette
  • sikre at arbeidet i seksjonen har høg fagleg kvalitet
  • leie lønnsforhandlingar og forvalte personal- og lønnsbudsjettet i departementet
  • gi råd og støtte i personal- og organisasjonspørsmål
  • inngå i leiargruppa i avdelinga og bidra aktivt i arbeidet med å viderutvikle saksfelta og avdelinga

Seksjonsleiaren rapporterer til assisterande departementsråd, som er øvste leiar for administrasjonsavdelinga.

 

Kvalifikasjonar

Den vi søkjer må ha utdanning på masternivå, gjerne i rettsvitskap/juridisk embetseksamen. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til høgare utdanning. Du har engasjement for og kjennskap til ansvarsområda til seksjonen. Vi søkjer ein lagspelar med stor arbeidskapasitet, leiarerfaring og gode leiareigenskapar. Du har evne til å motivere og engasjere dei dyktige medarbeidarane dine og skape gode samarbeidsrelasjonar i og utanfor departementet. Du har gode evner til å organisere arbeidet, delegere og sørge for framdrift og gode leveransar til rett tid. Som leiar av seksjonen må du vere handlekraftig, kreativ og løysingsorientert, ha evne til analytisk og strategisk tenking og til å kunne utvikle felta seksjonen har ansvar for. Stillinga krev at du er administrativt ryddig, har sans for tal og forstår rolla som leiar i eit departement. Det inneber at du òg har god forvaltingskompetanse og kan bidra godt i partssamarbeidet.

Seksjonsleiaren skal ha relasjonar til eksterne aktørar, alle tilsette og dei ulike ledda og formelle fora departementet har. Det er derfor viktig at du kan fylle rolla godt i alle slike samanhengar. Du har godt humør og kommuniserer lett med alle, både skriftleg og munnleg.

Stillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å kunne bli tilsett. Det er òg eit krav at du kan få tryggingsklarering.

Klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling og verksemd utanfor staten inngår i arbeidsavtalen.

 

Vi tilbyr

Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø. Kvardagen i personal- og organisasjonsseksjonen er prega av høgt arbeidstempo, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og hyggelege kollegaer. Stillinga er plassert som avdelingsdirektør kode 1218, med løn i spennet kr. 860 000-960 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt. Vi held til i hyggelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ein balansert samansetning på tvers av alder og kjøn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål. Vi vil leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Offentleggjering

Dei som søkjer, må være merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Kontakt

For meir informasjon om stillinga, kontakt assisterande departementsråd Henning Henriksen, telefon 414 01 926.

SØK HER !