Ledige stillingar som advokat/advokat- fullmektig

Regjeringsadvokaten

Søknadsfrist

Regjeringsadvokaten har ledig nokre faste stillingar og nokre vikariat som advokat/advokatfullmektig

 

Regjeringsadvokaten er prosessfullmektig for departementa i rettssaker og gir råd til forvaltninga i rettslege spørsmål. Embetet har i dag 47 advokatar og kan by på eit godt miljø fagleg og sosialt. Arbeidet er juridisk variert og omfattar både offentlegrettslege og privatrettslege spørsmål. Arbeidsoppgåvene er utfordrande, sjølvstendige og gjev brei røynsle i prosedyre. Det blir stilt svært høge faglege krav til søkjarane. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og evna til å fungera i rolla som prosessfullmektig for staten. Arbeidet fører med seg ein del reiseverksemd. Vi oppmodar kvinner og nyutdanna om å søkje. Årets kandidatar kan òg søkje.

Vi gjer merksam på at informasjon om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli ført på søkjarlista.

For tida er advokatfullmektigane løna i ltr. 60-63, advokatane i ltr. 72-81 og advokatane med møterett for Høgsterett i ltr. 93-98.

Ved behov for nærare opplysningar kan advokat Magnus Schei eller advokat Ingrid Skog Hauge kontaktas på telefon 22 99 02 00. Sjå òg www.regjeringsadvokaten.no.

 

SØK HER !