Jurist/Fagansvarleg – seniorrådgivar/ rådgivar i Studieadministrasjonen

Høgskulen i Volda

Søknadsfrist
 
St. nr. 17/2022
 
Om stillinga
Høgskulen i Volda har ledig ei 100 % fast stilling som fagansvarleg (seniorrådgivar/rådgivar). Innhaldet i stillinga er i endring og den som blir tilsett vil få høve til å utforme stillinga i lag med studiedirektør og kollegaer i Studieadministrasjonen. Stillinga rapporterer til studiedirektøren.
Søknadsfrist: 24. april 2022
 
Om Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Kvalifikasjonar

Du må ha master innan juridiske fagområde, og ha relevant erfaring frå sakshandsaming og rådgjeving.

Vi vil i tillegg legge vekt på at du har/er;

  • gode analytiske eigenskapar og evne til å tenke strategisk og framtidsretta
  • gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg, og kunne formidle kompliserte saker på ein strukturert og oversiktleg måte
  • ein pådrivar med gode samarbeidsevner
  • løysingsorientert og serviceinnstilt

Du bør kunne skrive godt på begge målformer og ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer deg som kan handsame komplekse saker, rådgje og støtte alle fagområde i Studieadministrasjonen i relevante juridiske spørsmål. Det kan vere arbeid i samband med ulike nemnder og utval, studentklagesaker, samt ha ansvar for utvikling og styrking av kunnskap og arbeidsprosessar for Studieadministrasjonen si saksbehandling knytt til relevant lov- og regelverk.

Du vil jobbe tett med studiedirektør og andre medarbeidarar i Studieadministrasjonen, i tillegg til god dialog med dei ulike fagavdelingane ved høgskulen.

For den rette kandidaten kan det vere aktuelt å legge til stillinga funksjonen som stadfortredar. Arbeidsoppgåvene kan verte endra.

Vi tilbyr

Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling. Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer.

God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Tilsettgoder og fordelar, mellom anna moglegheit for trening i arbeidstida

Lønn og vilkår

Stillinga som seniorrådgivar, stillingskode 1364 er normalt plassert  i lønnstrinn 66-69 (604 700 – 637 900) og rådgivar, stillingskode 1434 i lønnstrinn 58-68 (524 900-626 100). Tilsetting som seniorrådgivar krev lang og relevant praksis. For særleg kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgre lønn.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Søknadsfrist: 24. april 2022

Arbeidsgivar: Høgskulen i Volda

Kommune: Volda

Omfang: Heiltid

Varigheit: Fast

Arbeidsstad: Volda

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Kontakt

Har du spørsmål til stillinga kan du kontakte studiedirektør Ann Kristin Emblem på telefon 70 07 52 72/99 49 36 63.

SØK HER