To juristar til bustads- og bygnadsavdelinga (førstekonsulent/ rådgivar og seniorrådgivar)

Søknadsfrist: 
15.09.2021

Er du interessert i å jobbe i eit kunnskapsrikt og hyggjeleg miljø med andre dedikerte juristar?

Vi søkjer to medarbeidarar med fagleg interesse for bustadjuss som skal vere med på å vidareutvikle bustadlovene og bustadpolitikken. Bustad- og bygningspolitikken har høg politisk og samfunnsmessig aktualitet. Du får spennande oppgåver i skjeringspunktet mellom fag og politikk.  

Bustadseksjonen har ansvar for å sikre balansert regulering av rettar og plikter ved leige av bustad og blant eigarar i burettslag og eigarseksjonssameige. Ansvaret omfattar forvaltning og vidareutvikling av husleigelova, eigarseksjonslova, burettslagslova, bustadbyggjelagslova og lova om kommunal forkjøpsrett til leigegardar med tilhøyrande forskrifter (“bustadlovene”). 

Ein stor del av arbeidet i seksjonen knyter seg til lovutgreiingsarbeid og tolkingsfråsegner. Seksjonen har òg ansvar for å forvalte og utvikle juridiske verkemidel som bidreg til trygge buforhold for vanskelegstilte på bustadmarkedet, slik som bustøttelova. I tillegg har vi ansvar for fagleg oppfølging av Husleigetvistutvalet. 

Seksjonen består av leiar og seks sjølvstendige, kompetente medarbeidarar. 

 

 

To juristar til bustads- og bygnadsavdelinga (førstekonsulent/ rådgivar og seniorrådgivar)

Arbeidsoppgåver

  • regelverksutvikling (lov og forskrifter)
  • fortolking og informasjon om regelverk
  • førebu forvaltningsavgjerder

Andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til seksjonen kan vere aktuelle. Arbeidet omfattar både oppgåver der det blitt gitt sjølvstendig ansvar,  og oppgåver med utprega samarbeid med andre medarbeidarar. Stillinga som seniorrådgivar inneber oppgåver som krev tyngre analytisk kompetanse og høgare grad av sjølvstende, men begge stillingane vil ha oppgåver med stort spenn som gir fagleg utvikling. 

For tida jobbar seksjonen blant anna med utvikling av ny bustadsosiallov, etableringar av “leige til eige” konsept, utviding av Husleigetvistutvalet og tilrettelegging for digitalisering innanfor fagområda våre.

Vi er opptekne av fagleg utvikling for den enkelte. Gjennom gode leveransar er det store høve for å ta initiativ til utviklinga på fagområdet. Nytilsette medarbeidarar får tildelt fadder og deltek i eit opplæringsprogram for nytilsette.

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar

  • master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • analytisk evne og godt juridisk skjøn

Vi har ei stilling for førstekonsulent/rådgivar. For stillingskode som rådgivar krevst det normalt ca. 3 års arbeidserfaring som jurist. Kandidatar med kortare erfaring eller nyutdanna kandidatar/kandidatar i haust kan søkje førstekonsulent. Vi gjer merksam på at for å tiltre i stillinga må du kunne dokumentere fullført vitnemål. 

Vi har ei stilling som seniorrådgivar. Stillinga som seniorrådgivar krev normalt minst 5 års relevant juridisk arbeidserfaring. 

Erfaring frå relevant fagområde vil vere positivt, men til stillingane vil det òg bli lagt stor vekt på kor personleg eigna ein er, på dokumenterte gode resultat og på motivasjon. 

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • kunnskap om bustadrett
  • kunnskap om EØS-rett og statsstøtteregelverket
  • kunnskap om reglane for behandling av personopplysningar (GDPR)
  • dokumentert gode resultat frå studium/arbeid

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein medarbeidar som er motivert til å jobbe med fagområdet vårt, og som er nysgjerrig på nye utfordringar og på å utvikle seg.

Du bør vere: 

  • analytisk og løysingsorientert
  • sjølvstendig
  • målretta
  • nøyaktig

Du må trivast med å jobbe tett med ulike personar og ulike faglege problemstillingar, og dette krev god samarbeidsevne. Vi jobbar med både langsiktige tyngre oppgåver samtidig som at presserande hasteoppdrag må løysast. Du må kunne omstille deg raskt og handtere stress. Vi  treng medarbeidarar som er fleksible og som evnar å levere gode resultat under tidspress. 

Vi legg stor vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr

  • ein spennande jobb i eit sterkt fagmiljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • høve til trening i arbeidstida

Løn: Stillinga som førstekonsulent/rådgivar er løna frå kr 480 000 - 600 000 pr. år. Stillinga som seniorrådgivar er løna frå kr 550 000 - 750 000 pr. år. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. 

Frå løna blir det trekt  2 % innskot til Statens pensjonskasse. 

SØK HER

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

NAV
Søknadsfrist: 
27.09.2021
Universitetet i Bergen
Søknadsfrist: 
03.10.2021
The EFTA Surveillance Authority
Søknadsfrist: 
03.10.2021
The EFTA Surveillance Authority
Søknadsfrist: 
03.10.2021
Trøndelag statsadvokatembeter
Søknadsfrist: 
07.10.2021
NTNU
Søknadsfrist: 
07.10.2021
Skattedirektoratet
Søknadsfrist: 
11.10.2021
Norges Farmaceutiske Forening
Søknadsfrist: 
20.10.2021