Jurist - tilsyn

Arbeidstilsynet, Førde

Søknadsfrist

Har du lyst til å jobbe for eit godt arbeidsliv i Noreg?  
 

Arbeidstilsynet jobbar for at alle arbeidstakarar skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø. No treng  vi fleire juristar til å følge opp at verksemdene sjølv tek hand om sitt ansvar etter arbeidsmiljølova, allmenngjeringslova og anna regelverk der Arbeidstilsynet har mynde.  

Som jurist i Arbeidstilsynet får du høve til å jobbe tett på norsk arbeidsliv. Tilsyn og rettleiing er retta mot organisatoriske og psykososiale forhold, ergonomi, teknisk sikkerheit, kjemiske og biologiske arbeidsvilkår og førebygging av ulykker. Vi søker etter deg som trivast med saksbehandling, rettleiing og kvalitetssikring i tett samhandling med kollegaer – både juristar og inspektørar. Om du i tillegg er ein som tek initiativ, er strukturert og god til å samarbeide vil vi gjerne høyre frå deg.  

Stillinga har kontorstad i Førde, men høyrer til ein seksjon som har medarbeidarar i område Vest (Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal). På kontoret i Førde er det kollegaer frå fleire seksjonar i eit tverrfagleg miljø med inspektørar innan ulike fagområde. Jobben inneber noko reising. 

Arbeidsoppgåver

  • saksbehandling innan Arbeidstilsynet sitt mynde  
  • i nokon grad delta i tilsyn  
  • kvalitetssikring og oppfølging av rutinar  
  • rettleiing internt og eksternt  
  • bidra i internt opplærings- og utviklingsarbeid  
  • utgreiingar og arbeid med høyringar  
  • noko regelverksarbeid

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap  
  • arbeidserfaring frå ei eller fleire av arbeidsoppgåvene nemnt  over er ønskeleg  
  • erfaring innan arbeidsrett og/eller strafferett er ønskeleg  
  • erfaring frå saksbehandling, rettleiing og kontroll  
  • kunnskap om forvaltningslova og offentleglova er ønskeleg  
  • kunnskap om og erfaring frå arbeid med HMS er ønskeleg  
  • god i munnleg og skriftleg framstilling på norsk og engelsk  
  • god i skriftleg framstilling på nynorsk er ønskeleg  
  • førarkort for personbil (B)

Vi søker deg som

  • har evne og lyst til å jobbe som jurist i ei myndigheitsrolle  
  • tar initiativ, gjennomfører og skaper resultat  
  • samarbeider godt i ulike team, internt og eksternt  
  • jobbar systematisk, er god til å prioritere og styrer eigen arbeidskvardag  
  • er nysgjerrig og fleksibel  

Vi tilbyr

  • løn  som rådgjevar/seniorrådgjevar (kode 1434/1364) i Statens lønsregulativ. Lønsplassering etter kvalifikasjonar, normalt innan kr 515 000 til kr 730 000  
  • lån- og pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse  
  • fleksitidsordning 
  • meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde  
  • gode høve for personleg og fagleg utvikling  
  • høve til  å medverke og påverke eigen arbeidskvardag

Tilsette i Arbeidstilsynet må ikkje for eiga eller for andre si rekning drive eller ha annan økonomisk interesse i eller vere tilsett i ei verksemd som er underlagd tilsyn frå Arbeidstilsynet. Den tilsette må heller ikkje ta imot oppdrag eller vere med i styre, representantskap eller liknande organ i ei slik verksemd. I særlege høve, og når det ikkje skader tenesta, kan direktøren i Arbeidstilsynet gjere unntak frå dette forbodet.  

Tilsetting skjer på dei vilkåra som til ei kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som blir tilsett må rekne med at det kan bli endringar  i  arbeids- og ansvarsområda for stillinga.  

Det er viktig for Arbeidstilsynet å spegla befolkninga, og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkomne. Vi arbeidar aktivt med å utvikle oss som ein inkluderande arbeidsplass og legg arbeidskvardagen til rette dersom du har behov for det. Har du i periodar vore utan arbeid, utdanning eller opplæring er du også velkomen til å søke jobb hos oss.  

Du kan be om at søknaden blir unntatt offentlegheit. Dette må bli grunngitt i søknaden. Du blir kontakta dersom grunngivinga ikkje oppfyller vilkåra for unntak.

Kontaktinformasjon

  • Seksjonsleder Jan Petter Sæbø - 484 03 887  

SØK HER!