Jurist med interesse for maritimt arbeid

LOGO Sjøfartsdir
Søknadsfrist: 
25.08.2019

Avdeling for regelverk og internasjonalt arbeid

Sjøfartsdirektoratet er ein framoverlent sjøfartsadministrasjon i ei næring som stadig utviklar ny og meir miljøvennleg teknologi. Å sikra liv, helse, miljø og materielle verdier har fokus, og målet er at alle skipsarbeidarar skal komma trygt heim etter endt seilas. Sjøfartsdirektoratet jobbar aktivt for å finna gode løysingar på globale utfordringar, og er aktive i FNs sjøfartsorganisasjon, IMO, og relevante EU-fora. Regelverksavdelinga er ein viktig del av dette arbeidet.

Jurist med interesse for maritimt arbeid

Sjøfartsdirektoratet, Haugesund
Regelverk og avtaler er ei underavdeling i Avdeling for regelverk og internasjonalt arbeid.  Underavdelinga koordinerer og utfører regelverksarbeid i Sjøfartsdirektoratet. Dette inneber mellom anna gjennomføring av internasjonale reglar i forskrifter, utarbeiding av nasjonale reglar for skip og skipsarbeidstakarar og dessutan å gje innspel til høyringar frå andre offentlege etatar. Underavdelinga førebur og saker som skal arbeidas vidare med av Nærings- og fiskeridepartementet.

Arbeidsoppgaver

Underavdelinga følgjer opp brot på regelverket med lovbrotsgebyr eller melding om brot til politiet. Vi uttaler oss òg til politiet i samband med moglege straffesaker når det gjeld brot på lovene som Sjøfartsdirektoratet forvaltar. Underavdelinga har dessutan ansvaret for koordinering av Sjøfartsdirektoratet sine avtaler med offentlege etatar, klasseselskap og tilsynsmyndigheiter i andre land. 

Kvalifikasjoner

Vi krev cand.jur.-grad eller master i rettsvitskap. Fordjuping eller erfaring frå sjørett, internasjonal rett eller EU-rett er ønskjeleg. Erfaring frå arbeid med lovbrotsgebyr, påtalemyndigheita, offentleg eller maritim verksemd er ein fordel. Du må og ha svært god framstillingsevne på norsk og god på engelsk. Nyutdanna juristar kan også søke.

Personlige egenskaper

 Du har god evne til å sjå problem og finne eigna løysingar, gjerne i samarbeid med andre juristar og andre yrkesgrupper. Du må være nøyaktig i ditt arbeide og ha god gjennomføringsevne. Vidare er det viktig for oss at du medverker til eit godt arbeidsmiljø.  

Vi tilbyr

Sjøfartsdirektoratet kan tilby eit godt fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver og røynsle fra utvikling av regelverk. Du vil få samarbeide med kollegaer med eit høgt kompetansenivå i eit bredt fagmiljø, som gir moglegheiter for tverrfagleg læring og utvikling. Vi har fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og låneordninger i Statens pensjonskasse.

Stillinga vert lønna som 1434 rådgivar med kr 472.000 - 565.000,- brutto i året eller 1364 seniorrådgivar med kr 525.000 - 670.000,- brutto i året. I særskilde tilfeller kan høgare løn vurderast.

Sjøfartsdirektoratet er opptatt av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsgrad, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd, som vil legge forholda til rette for søkarar med særskilt behov.

Kontaktperson

SØK HER !

ANDRE LEDIGE STILLINGER:

LOGO LO
LO Juridisk
Søknadsfrist: 
17.11.2019
LOGO Høgskolen i Molde
Høgskolen i Molde
Søknadsfrist: 
20.11.2019
LOGO PST
PST (Politiets sikkerhetstjeneste)
Søknadsfrist: 
20.11.2019