
Jurist i fast stilling
Kompetanse Norge
Vil du jobbe for auka deltaking i arbeids- og samfunnsliv?
Om stillinga
Seksjon for Prøveforvaltning har ledig en fast stilling som juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar. Stillinga er ledig omgåande.
Seksjon for Prøveforvaltning er ein av tre seksjonar i avdeling for læreplan og prøver.
Seksjon for Prøveforvaltning driftar, utviklar og kvalitetssikrar gjennomføringa av Statsborgarprøva, samfunnskunnskapsprøva og norskprøva for vaksne innvandrarar. Seksjonen har også ansvaret for læringsressursar i forbindelse med læreplan for 50 timer samfunnskunnskap. Seksjonen skal bidra til at prøvene vert gjennomført på ein god måte, held høgt fagleg nivå, og at dei vert kjent i samfunnet. Les meir om kva vi jobbar med.
Arbeidsoppgåver
- delta i planlegging, koordinering og oppfølging av seksjonen sine oppgåver og ansvarsområde, særleg arbeidet retta mot forvaltninga av prøveadministrasjonen
- utredningsarbeid, høyringsutsegn og innspel til regelverksendringar
- utarbeide informasjon til ulike målgrupper
- støtta i anskaffingar
- saksbehandling
- juridisk støttespelar for avdelinga
- samarbeide med eksterne etatar og samarbeidspartnarar
- andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
Vi krev:
- Juridisk embetseksamen / mastergrad i rettsvitskap
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og erfaring frå å skrive faglege rapportar, notat eller fråsegn
- fleire års relevant erfaring innan to eller fleire av dei arbeidsoppgåvene som er nemnde ovanfor
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å jobbe sjølvstendig
- god teknisk forståing og erfaring med bruk av digitale verktøy
Det er ein fordel med:
- kjennskap til relevant regelverk, for eksempel introduksjonsloven med tilhøyrande forskrifter
- kjennskap til personvern
- erfaring med anskaffingar, kontraktar og avtaler
- erfaring med utredningsarbeid, og analysar
- kjennskap til saksbehandling og offentleg forvaltning
Vi ønskjer at du:
- har engasjement og initiativ
- arbeider resultatorientert og er analytisk
- arbeider sjølvstendig og utviklar kreative løysingar
- er god til å samarbeide
- er fleksibel og målretta
Vi vil leggje vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- lønsplassering etter kompetanse:
- Rådgjevar/seniorrådgjevar med ei årslønn mellom kroner 524 200,- og 646 700,-
- For særskilt godt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast
- fleksibel arbeidstid
- godt tilrettelagte nye lokale i Oslo sentrum
- medlemskap i Statens pensjonskasse som gir gunstig pensjonsordning og moglegheit for bustadlån, til dette vert det trekt 2% av lønna til lovfesta innskot
Vi legg vekt på mangfald, og oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Søkarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand.
Kontaktperson
Navn: seksjonsleiar Brikt Sagbakken
E-post: brikt.sagbakken@kompetansenorge.no
Telefon: 23 38 13 33
Om Kompetanse Noreg
Gode ordningar for læring gjennom hele livet er eit vilkår for eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv. Kompetanse Noreg jobbar for å heve vaksne sin kompetanse slik at flest mogeleg har den kompetansen arbeidslivet treng. Kompetanse Noreg er direktoratet for kompetansepolitikk under Kunnskapsdepartementet. Vi har kontor i Oslo, Bergen og Tromsø.