Jurist, faste stillingar

Søknadsfrist

Vi søker etter juristar til to faste stillingar i NAV Klageinstans Vest, Bergen. 

NAV Klageinstans er organisert som ei nasjonal eining med seks avdelings-    kontor, ledet av ei styringseining. Totalt er vi ca. 250 medarbeidarar. 

NAV Klageinstans har ansvar for å behandle alle klager over vedtak fatta av NAV sine vedtaksinstansar og skal gjennom dette arbeidet bidra til å auke rettstryggleiken for NAV sine brukarar. Vi har også ansvaret for førebuing av ankesaker for behandling i Trygderetten. NAV Klageinstans bidrar til lik praksis i NAV gjennom systematiske tilbake-    meldingar på kvaliteten i saksbehand-    linga og med kvalitetshevande tiltak. Vi har også eit særskilt ansvar for å bistå med utvikling av rundskriv og tekster ved nye lover, større lovendringar eller ved endring av praksis. 

NAV Klageinstans har ansvar for å behandle alle erstatningskrav mot NAV, bistår statens prosessfullmektig i saker for Lagmannsretten og er felles mottak for alle serviceklager for den statlige delen av NAV.

NAV Klageinstans Vest behandlar klage- og ankesaker på områda sjukepengar, uføretrygd, grunn og hjelpestønad, pensjon og barnebidrag. Avdelinga har for tida 35 tilsette og har kontor sentralt i Bergen.

 

Arbeidsoppgaver

Stillingens hovudoppgåve er saksbehandling av klagesaker og førebuing av ankesaker for Trygderetten.
I tillegg kan det være aktuelt med:

  • rettleiing, opplæring, utrednings- og utviklingsarbeid
  • delta i regelverk og rundskrivsarbeid
  • være partsrepresentant for Regjeringsadvokaten i saker for Lagmannsretten, herunder utarbeide forslag til prosesskriv

Kvalifikasjoner

  • utdanning som jurist (juridisk embetseksamen/master i rettsvitenskap) med dokumenterte kunnskapar i norsk forvaltningsrett og gjerne norsk trygderett. Gode karakterar vil vektleggas.
  • evne til å formulere deg klart og brukarvennleg, både skriftleg og munnleg
  • relevant saksbehandlarerfaring frå eit eller fleire av avdelingas ansvarsområde er ein fordel

Personlige egenskaper

  • evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt med god kvalitet
  • omstillingsdyktig, strukturert og beslutningsdyktig
  • evne til å arbeide i team, er fleksibel og løysingsorientert
  • evne og interesse for å drive fagleg rettleiing
  • personleg egnethet og motivasjon vil bli tillagt vekt

Vi tilbyr

  • eit godt juridisk fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver
  • høgt tempo og klart definerte mål
  • eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
  • lønnsspenn frå kr 553.500 (ltr. 61) til kr 702.100 (ltr. 74) i kode 1434 Rådgiver, alt. 1364 Seniorrådgiver, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
  • god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (fra lønnen trekkes 2 %)
  • vi ber deg om å legge ved vitnemål/karakterutskrift og relevante attester. Søker utan vedlagte vitnemål og attester vil ikkje bli vurdert.

Kontaktinformasjon

Steinar Folkedal Olseth, Avd. dir., 984 35 886

Arbeidssted

C. Sundts gate 29
5004 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:NAV

Referansenr.:4502202541
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2022

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver:

NAV Klageinstans Vest

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling