Jurist for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane – vikariat

De nasjonale forskningsetiske komiteene

Søknadsfrist

Om stillinga

Vi søkjer ein jurist som er interessert i forskingsetikk og har erfaring innanfor statleg forvalting. Ettersom sakshandsaming for Den nasjonale forskingsetiske komiteen for medisin og helsefag (NEM) vil utgjere ein stor del av arbeidsoppgåvene, er erfaring frå juridisk arbeid innanfor NEM særleg viktig.

Arbeidsoppgåver

  • betjene sekretariat og komitear med varierte juridiske oppgåver, der hovudvekta vil vere på oppgåver innanfor statleg forvalting – klagesaker, forvaltingsrett
  • hjelpe sekretariat og komitear med juridiske utgreiingar
  • bidra til skriving av høyringssvar, vedtak og fråsegner
  • assistere med lovtolking
  • vere diskusjonspartnar

Kvalifikasjonskrav

  • Master i rettsvitskap eller anna tilsvarande høgare juridisk utdanning
  • 3–5 års relevant arbeidserfaring innanfor statleg forvalting
  • Særs gode norsk- og engelskkunnskapar skriftleg og munnleg

Ønskte kvalifikasjonar/personlege eigenskapar

  • kjennskap til offentleglova, helseforskingslova, forskingsetikklova, personopplysningslova og andre relevante lover
  • kjennskap til utforming av vedtak
  • kjennskap til helseforskingsområdet og Regionale forskingsetiske komitear (REK)
  • interesse for og kjennskap til forskingsetikk og FEK
  • god gjennomføringsevne
  • evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • evne til å samarbeide godt på tvers av fag

Spørsmål om stillinga

Viss du har spørsmål om stillinga, kan du kontakte seniorrådgivar for HR og økonomi, Torunn Ellefsen, på telefon: 23 31 83 06 eller direktør Helene Ingierd, på telefon 23 31 83 04.

Vikariat i 1 år frå 15.11.2021, med moglegheit for forlenging

Hyggeleg arbeidsmiljø sentralt i Oslo sentrum

Løn etter avtale. Stillinga blir lyst ut som rådgivar (kode 1434), med eit lønsspenn på 560 000–650 000 kr

Søknad med attestar og vitnemål blir registrerte via www.jobbnorge.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet, og det er eit mål for Dei nasjonale forskingsetiske komiteane at personalet skal vere balansert samansett. Kvalifiserte søkjarar blir difor oppmoda til å søkje, uavhengig av kulturell bakgrunn, hol i CV, alder eller funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista, jf. offentlegheitslova § 25.

www.forskningsetikk.no

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er eit forvaltingsorgan som er underlagt Kunnskapsdepartementet.
Komiteane skal bidra til at forsking i offentleg og privat regi følgjer anerkjende forskingsetiske normer. Dette gjer vi gjennom førebyggjande arbeid, rådgiving og handsaming av enkeltsaker.

Søk stillingen