Om stillinga
Kompetanse Norge lyser ut fast stilling som jurist. Stillinga er ledig omgåande.
Stillinga er knytt til ei eining som fører tilsyn med statlege tilskotsordningar forvalta av Kompetanse Noreg og med private tilbydarar av opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Kompetanse Noreg forvaltar driftstilskot til studieforbund, freds- og menneskerettssentre og andre organisasjonar, samt tilskotsordningane Kompetansepluss arbeid og Kompetansepluss frivilligheit. Totalt har Kompetanse Noreg ansvar for tilskotsordningar på om lag 500 millionar kroner, med geografisk nedslag i heile landet. Les meir om kva vi jobbar med.
Arbeidsoppgåver
- koordinere direktorates tilsynsarbeid
- planleggje, gjennomføre og følgje opp tilsyn med tilskotsmottakarar
- bidra til å vidareutvikle Kompetanse Noreg sin tilsynspraksis
- utarbeide rapportar om tilsyn
- delta i og vidareutvikle eininga sitt arbeid
- det kan vere aktuelt å bidra med oppgåver også innan andre deler av Kompetanse Noreg sine ansvarsområde
Kvalifikasjonar
Vi krev:
- Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap
- god skriftleg framstillingsevne på norsk
- minimum to års relevant arbeidserfaring
Det er ein fordel med:
- erfaring med gjennomføring av tilsyn
- kjennskap til offentleg forvaltning og saksbehandling
Vi ønskjer at du:
- har engasjement og initiativ
- arbeider resultatorientert og systematisk, både sjølvstendig og i team
- bidrar med gode idear til effektivisering av arbeidet
- er flink til å identifisere, utvikle og operasjonalisere problemstillingar
- har god systemforståing
Vi vil leggje vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- lønsplassering etter kompetanse:
- Rådgjevar/seniorrådgjevar med ei årsløn mellom kroner 524 200,- og 646 700,-
- for særskilt godt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
- fleksibel arbeidstid
- godt tilrettelagte lokale i Oslo sentrum
- medlemskap i Statens pensjonskasse som gir gunstig pensjonsordning og mogelegheit for bustadlån, til dette vert det trekt 2 % av lønna til lovfesta innskot
Vi legg vekt på mangfald, og oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke utan omsyn til alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista, jf. offentleglova § 25. Søkarane vil i tilfelle bli informerte om dette på førehand.
Kontaktperson
Navn: avdelingsleiar Torkel Nybakk Kvaal
E-post: torkel.kvaal@kompetansenorge.no
Telefon: 90 50 19 95
Om Kompetanse Noreg
Gode ordningar for læring gjennom hele livet er eit vilkår for eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv. Kompetanse Noreg jobbar for å heve vaksne sin kompetanse slik at flest mogeleg har den kompetansen
arbeidslivet treng. Kompetanse Noreg er direktoratet for kompetansepolitikk under Kunnskapsdepartementet. Vi har kontor i Oslo, Bergen og Tromsø.