Juridisk utgreiar

Gulating lagmannsrett

Søknadsfrist

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. 

Om oss

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er for tida organisert i to rettsavdelingar, eit ankeutval, sekretariat og fellestenester. Domstolen ligg i Bergen sentrum.

Utgreiareininga i Gulating lagmannsrett består av ein nestleiar, seks juridiske utgreiarar og ein jordskifteutgreiar. Me har no ledig ei fast stilling som juridisk utgreiar for snarleg tiltreding.

Gulating lagmannsrett kan tilby

  • Varierte og spanande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt
  • Høve til fagleg fordjuping med fokus på kvalitet
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med lagdommarane
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid

Stillinga som utgreiar vert løna som rådgjevar, stillingskode 1434 eller seniorrådgjevar, stillingskode 1364 avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeids­staben skal spegla folkesamansetnaden generelt – også kva gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Arbeids- og ansvarsområde

Dei juridiske utgreiarane arbeider med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia. Arbeidet gjev god innsikt i prosessretten og i ei rekkje juridiske fagfelt, og god kunnskap om arbeidsmåten ved domstolen.

Kvalifikasjonskrav

Stillinga som utgreiar i lagmannsretten krev juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap og særs gode faglege kvalifikasjonar/resultat.

Arbeidet er utprega sjølvstendig, og stillinga set høge krav til kvalitet og effektivitet og til at ein kan levera saker innan fastsette fristar. Søkjarar må ha god skriftleg framstillingsevne og kunna begge målformer. Gode samarbeidsevner er særs viktig. Det vil særskild bli lagt vekt på dommarfullmektigpraksis, erfaring frå utgreiingsarbeid eller tilsvarande.

Praksis som utgreiar i meir enn to år er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve.

Spørsmål om stillingen

Spørsmål om stillinga kan rettast til lagmann Guri Elisabeth Molven på telefon 55 69 39 37
eller nestleiar Linn Tordal Halvorsen på telefon 55 69 38 57.

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf. offentleg­lova § 25 andre ledd.

SØK HER!