Juridisk seniorrådgjevar
Bømlo kommune
Søknadsfrist
Bømlo kommune søkjer juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar med juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap. Du blir del av kommunedirektøren sin stab og får jobbe på tvers av alle einingane i kommunen.
Ansvarsområde:
Stillinga som juridisk rådgjevar inngår i kommunedirektøren sin stab og vil ha som oppgåve å jobbe på tvers av alle einingane i kommunen, og ha kontakt med leiarar og tilsette på ulike nivå.
Som juridisk rådgjevar skal du bidra til at kommunen leverer tenester som fyller lova sine krav, bidra til å fremje rettssikkerheit, førebyggja tvistar og hjelpa med juridisk rådgjeving. Du vil skriva saksførelegg, i tillegg til å gje råd og utredningar til politiske saker.
Arbeidsoppgåver:
-
Juridisk rådgjeving innan alle relevante rettsområde for kommunal forvaltning og driftTilsyn
-
Alminneleg og spesiell forvaltningsrett
-
Forbetringsarbeid, t.d. utvikling av delegasjonsreglement og andre rutinar
-
Avtale- og kontraktsrett
-
Personvern
-
Bidra til kompetanseutvikling internt
-
Leiarstøtte
Kvalifikasjonar:
- Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
- Erfaring frå offentleg verksemd eller anna relevant erfaring
Personlege eigenskapar:
Me ser etter deg som trivst med ein hektisk kvardag og som evnar å prioritere det som er viktigast. Du har fagleg tyngde, jobbar godt både i team og åleine, er serviceinnstilt og bidreg til samhandling på tvers av organisasjonen. Du har gode skriftlege og munnlege evner. Du er analytisk og bidrar til refleksjon rundt eige fagfelt i kollegiet. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb med varierte arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstid
- Konkurransedyktige løns- og avtalevilkår
- Medlemskap i kommunen sine pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du har spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med personalsjef Vanja Espeland - 480 17 825.
SØK HER!