Juridisk rådgjevar 100% fast stilling

Sykkylven kommune

Søknadsfrist

Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar ved tekniske tenester

Er du strukturert og løysingsorientert? Har du erfaring frå og kjennskap til offentleg forvaltning? Då er det kanskje deg vi ser etter!

Vi søkjer etter ein juridisk rådgjevar som vil vere med på å styrke våre tekniske tenester i Sykkylven kommune.

Arbeidsstad
Stillinga er knytt til eininga for tekniske tenester, lokalisert til rådhuset.

Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.

 

Arbeidsoppgåver
  • Handsaming av ulike kommunaltekniske saker, mest byggesaker etter plan - og bygningslova og gebyrsaker etter forureiningslova og vass - og avløpsanleggslova.
  • Det må påreknast ulike oppgåver innan tekniske tenester sitt virkeområde, med generell lovforståing med omsyn til forvaltningslova, offentlegheitslova, kommunelova og i noko grad andre særlover.
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå eller tilsvarande, fortrinnsvis innan jus, det kommunaltekniske fagområdet eller byggingeniør
  • Erfaring frå og kjennskap til offentleg forvaltning er ønskjeleg.
  • Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har tilfredsstillande norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Den som vert tilsett bør ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner, men som også kan arbeide sjølvstendig
  • Er fleksibel og serviceinnstilt
  • Kan vise initiativ i høve utføringa av dei oppgåvene som må gjerast
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr

Varierte arbeidsoppgåver og tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- løn etter avtale/tariff
- obligatorisk tenestepensjonsordning
- gunstige låneordningar
- gode forsikringsordningar

Sykkylven City Hall, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven, Norge

Map

 Opne vegbeskriving

 

Bjarte Hovland

einingsleiar

 97548720

 bjarte.hovland@sykkylven.kommune.no

 

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.

Søk på stillinga