Juridisk rådgjevar
Øystre Slidre kommune
Øystre Slidre kommune har ledig stilling som juridisk rådgjevar. Stillinga rapporterer direkte til rådmannen. Juridisk rådgjevar skal gje råd og støtte til rådmannen og hans administrasjon i alle juridiske spørsmål innan kommunal forvaltning og ha ansvar for arbeidsoppgåver der juridisk kompetanse er nyttig å ha.
Vi søker etter ein fagleg sterk, systematisk, entusiastisk og utviklingsorientert medarbeidar. Du må vera fagleg trygg, kunne kommunisere godt med leiarar og medarbeidarar i kommunen og medverke til samhandling på tvers i organisasjonen. Du kan gjerne ha arbeidserfaring der du har jobba med juridiske problemstillingar eller erfaring frå kommunal sektor. Personlige eigenskapar vil bli tillagt vekt.
Ta gjerne kontakt for ei samtale om stillinga med rådmann Jostein Aanestad, tlf. 991 65 935.
Arbeidsoppgåver
Sentrale arbeidsområde:
- Juridisk rådgjeving innan alle relevante rettsområder for kommunal forvaltning og drift.
- Utarbeiding og oppfølging av avtalar og avtalerett
- Personvern
Det kan bli lagt andre oppgåver av strategisk og utviklingsretta karakter til stillinga.
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar og utdanningsnivå:
- Master i rettsvitenskap
- Arbeidserfaring med oppgåver innan juss, gjerne frå kommunal sektor
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og tverrfagleg
- Gode samarbeidsevner
- Serviceinnstilt
- Utviklings- og løysingsorientert
- Strukturert og nøyaktig
- Gode analytiske evner
Vi tilbyr
- Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- Lønn etter avtale
Andre opplysningar:
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ev. ønskje om å bli unnteke offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.