Juridisk rådgivar / seniorrådgivar
Avdeling for operativt tilsyn, Sjøfartsdirektoratet, Haugesund
Avdeling for operativt tilsyn har overordna ansvar for inspeksjon, revisjon og beredeskap i Sjøfartsdirektoratet, og administrerer direktoratet sine 16 region- og tilsynskontor. Vi søker no etter ein dyktig jurist, som saman med dei andre avdelingsjuristane, kan bidra i det spanande arbeidet som vert gjort i ei operativ avdeling.
Arbeidsoppgaver
- Juridisk rettleiing, internt og eksternt
- Handsaming av klagesaker m.m.
- Vedlikehald og utvikling av prosedyrer
- Bidra i regelverksarbeid
- Gi opplæring i regelverk til våre inspektørar
Kvalifikasjoner
- Master i rettsvitskap / cand.jur.-grad
- Fordjuping eller erfaring frå sjørett, internasjonal rett eller EU-rett er ønskeleg
- Det er ønskeleg med kjennskap til driftssystem som ISO 9001 og ISM/ISPS
- Erfaring frå arbeid med lovbrotsgebyr, påtalemyndigheita, offentleg eller maritim verksemd er ein fordel
- Du må kunne tryggleiksklarerast
Personlige egenskaper
- Du er fagleg engasjert og har eit godt humør
- Du er strukturert og kan finne løysingar i ulike sakskompleks
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har gode framstillingsevner, på både norsk og engelsk
- Vi vektlegg at du er personleg skikka til jobben
Vi tilbyr
Sjøfartsdirektoratet kan tilby eit godt fagmiljø med spanande arbeidsoppgåver og erfaring fra utvikling av regelverk. Du vil få samarbeide med kollegaer med eit høgt kompetansenivå i eit bredt fagmiljø, som gir moglegheiter for tverrfagleg læring og utvikling. Vi har fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og låneordninger i Statens pensjonskasse.
Stillinga vert lønna som 1434 rådgivar med kr 479.000 - 573.000,- brutto i året eller 1364 seniorrådgivar med kr 532.300 - 679.500,- brutto i året. I særskilde tilfeller kan høgare løn vurderast.
Sjøfartsdirektoratet er opptatt av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsgrad, hol i CV, nasjonal- eller etnisk bakgrunn. Vi er ei IA-verksemd, som vil legge forholda til rette for søkarar med særskilt behov.
Kontaktinformasjon
- avdelingsdirektør Alf Tore Sørheim
- 952 53 542
- ato@sdir.no