Gulating lagmannsrett har ledig eit vikariat i utgreiareininga
Om oss
Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er for tida organisert i to rettsavdelingar, utgreiareining, sekretariat og fellestenester. Domstolen ligg i Bergen sentrum. Utgreiareininga i Gulating lagmannsrett skal være ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining med stor vekt på eit godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar, og vert leia av ein lagmann og ein nestleiar. Frå hausten 2021 får me ledig eit vikariat i 10 månader.
Arbeids- og ansvarsområde
- Dei juridiske utgreiarane arbeider hovudsakleg for lagmannsretten sitt ankeutval, og den viktigaste oppgåva er å skriva fullstendige utkast til rettslege avgjerder for dommarane i ankeutvalet.
- Utgreiarane driv med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia.
- Arbeidet gjev god innsikt i prosessretten og i ei rekkje andre juridiske fagfelt, og god kunnskap om arbeidsmåten ved domstolen.
Kvalifikasjonskrav
- Stilling som juridisk utgreiar krev særs gode juridiske kvalifikasjonar, og embetseksamen/master i rettsvitskap med gode resultat.
- Arbeidet er utprega sjølvstendig, og krev ei strukturert arbeidsform.
- Det vert sett høge krav til å balansera omsynet til kvalitet med omsynet til effektivitet, og til at ein kan levera utkast til avgjerder innan fastsette fristar.
- Søkjarar må ha god skriftleg framstillingsevne og kunna begge målformer. Gode samarbeidsevner er òg særs viktig.
Gulating lagmannsrett kan tilby
- Varierte og spanande juridiske arbeidsoppgåver innanfor eit breitt saksfelt
- Høve til fagleg fordjuping med fokus på kvalitet
- Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med lagdommarane
- Eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
Stillinga som utgreiar vert løna som rådgjevar, stillingskode 1434 eller seniorrådgjevar, stillingskode 1364, avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer normalarbeidstida i staten.
Spørsmål om stillingen
Spørsmål om stillinga kan rettast til lagmann Guri Elisabeth Molven på telefon 55 69 39 37 eller nestleiar Linn Tordal Halvorsen på telefon 55 69 38 57.
Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegla folkesamansetnaden generelt – også kva gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søknadsfrist: 30. august 2021.