Oppskrift på justismord?

Finst det ei «oppskrift» på justismord, ei som vi kan nytte for å forstå dei justismorda som (tilsynelatande stadig) skjer og til å identifisere saker der det er særleg stor risiko for at det vil skje? Neppe.

Foto: Pixabay / UiB
Foto: Pixabay / UiB

Av Jørn Jacobsen, professor ved juridisk fakultet, UiB

Vi har rett nok etter kvart inngåande kjennskap til og kunnskap om alvorlege tilfelle av justismord. Desse gjev oss mykje relevant informasjon. Likevel er det ei utfordring at vi ikkje har det fulle bilete av i kva grad justismord (gjeve ein viss definisjon av det) skjer i det norske rettssystemet og av kva saker dette er. Ei ytterlegare utfordring er at straffesaker og dynamikken i dei er individuelle og komplekse, noko som gjer det vanskeleg å fange inn og forstå akkurat kva som leier til at justismord skjer. Men samstundes: der er likevel trekk ved dei justismorda som er avdekka og diskusjonen knytt til desse, som vi kan løftast fram til refleksjon om straffe­retten og den til synes «evige» utfordringa den har med justismord.

Les også: - Justismord vil skje på andre måter i dag og i fremtiden

Eit slikt trekk er til dømes at ofte handlar det om saker om særs alvorlege brotsverk – det er jo eit felles­trekk ved saker som i den Fritz Moen vart urettmessig dømd og Baneheia saka. Det er god grunn til at strafferettsapparatet legg all si tyngde i å få løyst slike saker: Strafferetten sine mest sentrale normer, slik som forbodet mot å valdta og drepe, er grunnsteinane i vår rettsordning og fundamentet for kvar einskild av oss sin tryggleik. Det er ei av staten sine mest grunnleggande oppgåver å sette og oppretthalde desse reglane, inklu­dert å reagere på brot mot dei. Unnlating av å gjere det er i seg sjølv å sette rettsstatsprosjektet i spel. Såleis er det ikkje rart at det er slik merksemd om slike saker og eit sterkt behov i allmennheita for å sjå dei løyst. Men nettopp behovet for å løyse slike saker og sjå rettvisa og tryggleiken ivareteke, kan lett forblinde i søken etter den skuldige, så vi må finne noko slags balanse ­mellom ulike slike krav vi har til strafferetten. Men, må vi legge til, trygdeskandalen viser då at det ikkje berre er i særs alvorlege saker at det skjer feilaktige domfellingar. Det er tvert om saker som lett slepp unna offentlegheita sitt lys, slik at òg det kan vere ein risikofaktor.

Ei anna erkjenning vi kan gjere oss er at graden av kunnskap og læring i rettsvesenet synes å ha stor betydning, slik at fråvær av det vert ein ny risikofaktor å vere merksam på. Arbeid med og vurdering av bevis krevje at ein tek i bruk normer for god erkjenning, normer som ikkje berre gjeld for fakta i straffesaker, men meir generelle, men som òg er i stadig utvikling. Såleis er det ein risiko med eit strafferettssystem som vert for overtyda om eigne arbeidsvanar og måtar å gjere ting på. Då vert det lett tydd til tradi­sjonelle og intuitive grep og verke­middel, slik som press, mani­pu­lasjon og snarvegar til «sanninga» ein er overtydd om. Men det har både granskingsrapportar og forsking vist oss fallgruvene ved. Som dei fleste andre sosiale institusjonar nyt straffe­rettsapparatet godt av (satsing på) stadig kunnskapsutvikling ­gjennom forsking, kritisk gransking og trening knytt til desse meir generelle erkjenningsnormene – og av organisering og strukturar som implementerer ny kunnskap om normene for sanningssøken.

Relasjonane mellom etterforsking og forsking er verdt å spinne vidare på. I forsking er det i alle fall ein kjend sak at det tidleg lande på ein konklusjon inneber ein risiko for at ein ikkje i tilstrekkeleg grad ser, undersøker og vektlegg alternative argument, hypotesar og konklu­sjonar. I så måte, og paradoksalt nok kanskje, kan vi kanskje spørje om til og med risikoen for justismord er særleg stor der vi tenker vi har best grunnlag for å konkludere. Er vi i tvil vert det jo ikkje domfelt i det heile. Er vi veldig sikker kan grunnen til det vere at vi faktisk har rett, men òg at vi ikkje har leita godt nok etter premissar, samanhengar og alternative forklaringar. Såleis kan det, sjølv der ein meiner seg ha kome til ein klar konklusjon om den skuldige, vere klokt å dyrke tvilen i seg sjølv litt. Det gjeld jo ikkje minst vi i offentlegheita som er utanfor straffe­rettssystemet, men ser inn i det, godt hjelpt av ein dramatiserande presse, og legg press på det med ei sterk forventing av å få domfelling den «skuldige». Å arbeide litt med sjansen for at ein likevel tek feil kan vere klokt ikkje berre når ein tek stilling til konkrete straffesaker, men òg for den som i kriminalpolitiske diskusjonar vil setje det høge bevis­kravet i straffesaker i spel for å få fleire dømte. 

Til sist skal det som kanskje er den mest smertefulle feilen i saman­hengen, som viser kor intimt òg bevis­vurderingar i straffesaker til sist heng saman med kven vi er og kva haldningar vi har: Ei heller våre ­vurderingar av faktiske forhold er frikopla frå våre sympatiar og kva vi kjenner fellesskap med. Tilsvarande som vi har lettare å tru på dei som vi forstår og kjenner oss trygge på, så synes vi ha lettare for å godta ­«negative sanningar» om dei som opplever som annleis, ressurssvake, rare og av og til kanskje til og med frå­støytande. Den sosiale slagsida som strafferetten generelt har er velkjend. Justismords­problematikken synes heller ikkje vere skjerma frå den – men burde vendast til å verte ein særleg kritisk impuls i våre bevisvurderingar. 

Tags